Nok eit rekordår

Evan Lewis, dagleg leiar for Ægir bryggeri, kan sjå tilbake på nok eit rekordår for dei edle dråpane.

Publisert 23.01.2015 kl. 00.01. Oppdatert kl. 06.35.

– Me har rekord i år, slik me hadde året før og året før det att. Me har framleis vekst, seier ein godt nøgd Lewis.

Stor auke

Med eit sal på 780.000 liter øl og nokre tusen liter akevitt i fjor, har Ægir blitt ein produsent å rekna med her til lands. Auken frå det første driftsåret, der det vart seld 41.000 liter øl, er då også formidabel. Det første Ægir-ølet vart servert i eigen pub 17. mai 2007. Selskapet har no åtte heilårstilsette.

– Det er kjekt å vera med på å skapa nye jobbar i Flåm. No er eg på leit etter ein bryggar til, seier han.

Nye produkt

Ægir utviklar også nye produkt heile vegen. No tilbyr dei 31 ulike produkt, inklusiv to typar akevitt. Åtte-ti nye ølsortar har blitt til i løpet av året.

– Akevitten «Yggdrasil» var tenkt til jul, men den har blitt eit heilårsprodukt for oss. Me gjekk tom dei første par åra me produserte den, men no produserer me mykje meir enn tidlegare.

Nøgd

Lewis seier han naturleg nok er strålande nøgd med resultatet.

– Me har flinke folk som jobbar hardt og er veldig glade i jobben sin. Det ser også ut til at folk har blitt glade i produkta frå Ægir. Me er å finna i daglegvarebutikkar over heile landet og i dei fleste utestader.

Større lager

Lewis legg til at dei stadig prøver å utvikla noko nytt.

– Det er viktig å tilby noko nytt, det kjem mange nye bryggeri til etter kvart. Så det er ikkje nok å berre levera kvalitetsøl, me må utvikla oss. I fjor haust laga me eit øl me kalla «Lærdøl», eit øl basert på morellejus. Me har to gjæringsprosessar og får eit øl med ein frisk og syrleg smak.

– Kjem det blåbærøl også?

– Eg har ikkje tenkt på det, men du skal aldri seia aldri.

Den største utfordringa til Lewis no, er lagerkapasiteten. Difor har han no planar om ei utviding.

– Det er akkurat plass til å kome gjennom dette året, men me har ikkje nok kvadratmeter til å handtera alle produkta med no har og vil få. Så me er på teiknestadet til eit nytt tilbygg. Dette må me ha for å veksa inn i framtida.

Lewis legg til at dei har god plass i sjølve produksjonshallen til å setja inn fleire tankar.

 – Her har me god kapasitet i mange år framover.

– Og det er lønsamt å driva med øl?

 – Det er bra butikk, så me går i pluss, seier Lewis.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Aurland