Manuell dirigering

Trafikantar i Gudvangatunnelen må ha ledebil i dag.

Publisert 21.01.2015 kl. 06.27. Oppdatert kl. 06.31.

I vegmeldinga frå Statens vegvesen blir det fortalt at det skal gjerast vedlikehaldsarbeid i Gudvangatunnelen på E16 i dag, onsdag. Arbeidet kjem til å gå føre seg frå klokka ni i dag føremiddag og fram til klokka 21 i kveld.

I denne perioden blir det manuell dirigering, og trafikanatne må ha ledebil gjennom tunnelen.

Framleis stengt

På riksveg 13 over Vikafjellet har det vore arbeidd med opprydding dei siste dagane. Vegmeldinga fortel at det arbeidet går føre seg også i dag, og Vikafjellsvegen er soleis stengt inntil vidare.

På resten av fjellovergangane som er vinteropne, er det gode køyretilhøve. Bilistane må likevel hugsa på at det er vinter, og tilpassa farten deretter.

Ingen avvik

Ifølgje nettstaden trafikkflyt.no, er flya til og frå dei fire flyplassane i Sogn og Fjordane i rute i mogontimane onsdag. Det er solies ingen avvik å melda frå den kanten.

Heller ikkje hjå ordensmakta er det registrert nokon avvik so langt denne onsdagen. –Ikkje noko å melda, skriv politiet i Sogn og Fjordane på politiloggen.

 


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Aurland Vik