Ynskjer å nå internasjonale turistar

Innovasjon Norge og Fjord Norge har saman med reiselivsnæringa i Sognefjorden produsert ein ny sykkelfilm frå Rallarvegen.

Publisert 20.01.2015 kl. 12.55. Oppdatert kl. 13.12.

No håper dei den nye filmen skal freista internasjonale turistar til å prøva Noregs mest berømte grusveg. I fjor sykla rundt 20.000 turistar den spektakulære turen. Innovasjon Norge og Fjord Norge meiner potensialet er mykje større.

– Gjera merksame på

– Me veit at turistar kjem til Norge for å sjå og ikkje minst oppleva norsk natur. Rallarvegen gjev ei unik moglegheit til å oppleva elementa på nært hald og tilbyr både høgfjelllandskap, ville fossestryk og fjordlandskap. Me ønsker å gjera fleire, spesielt utanlandske turistar merksame på denne unike moglegheita, seier reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, Per-Arne Tuftin.

82 kilometer

Filmen er produsert av det norske selskapet Field Productions, som blant anna står bak publikumssuksessen «Supervention», vert det opplyst i ei pressemelding.

Rallarvegen er ein av Noregs mest populære sykkelturar, og so langt er det hovudsakleg nordmenn som har teke den naturskjønne utfordringa. Enkelte vel å starta frå Finse, medan andre syklar heile den 82 kilometer lange Rallarvegen frå Haugastøl til Flåm.