Tingretten erklærte testamentet ugyldig

Utan livsarvingar testamenterte avdøde heile formuen si til Kirkens Nødhjelp. No har Sogn tingrett erklært testamentet ugyldig.

Publisert 19.01.2015 kl. 15.11. Oppdatert kl. 15.22.

Mannen, som er gravlagd i Leikanger, oppretta testamentet ti år før han døydde og innsette Kirkens Nødhjelp som einearving. Han var aldri gift eller sambuar, og det er mannen sine to sysken som har kravd testamentet ugyldig.

Grunnlaget for søksmålet er at dei meiner broren var «sinnssjuk» då han skreiv testamentet.

Odelsrett

Gamal familiefeide og strid om odel på slektsgarden låg i botnen for at mannen tidleg var fast bestemt på at ingen i familien skulle arve han.

Journalar og epikriser viser at om lag samtidig med at testamentet vart skrive, hadde han også fått psykotiske vrangførestillingar. Med det som utgangspunkt krevje saksøkjarane testamentet ugyldig etter arvelova paragraf 62 i det testator var «sinnssjuk» på testasjonstidspunktet.

Ikkje samd

Kirkens Nødhjelp hevda at sjølv om mannen hadde vrangførestillingar, var han ikkje «sinnssjuk» i arvelova si forstand då han oppretta testamentet.

Advokat Anette Janicke Musæus sa i retten at mannen ikkje hadde hatt samkvem med familien sin på mange år og det er då ikkje noko påfallande at ikkje ønskjer at ein ideell organisasjon skal arva han i staden for familien.

Retten si vurdering

Sorenskrivar Harald Hjermann legg til grunn at det lenge hadde vore sterke motsetningsforhold mellom syskena og finn det prova at han allereie på det tidspunktet hadde utvikla sterke vrangførestillingar knytt til sin næraste familie.

– Retten finn det klart at testamentet reint faktisk gir uttrykk for hans vilje der det sentrale element var at slekta ikkje skulle arva noko. Dette har han såleis reint tankemessig forstått, men retten ser det slik at vedtaket om å utelukka slekta byggjer på sjuklege vrangførestillingar som har vedvart over lang tid.

Ikkje gyldig

Konklusjonen til sorenskrivar Hjermann er at mannen var «sinnssjuk» i arvelovas forstand då han oppretta testamentet.

Saksøkjar har vunne fram fullt ut og skal då i utgangspunktet tilkjennast sakskostnader. Retten ser det midlertid slik at det knyter seg slik tvil til spørsmålet om avdøde var «sinnssjuk» på testasjonstidspunket at det var god grunn for saksøkte til å prøva saka for retten.

Det står ikkje noko i dommen om kor store verdiar mannen testamenterte vekk, men han sørgja sjølv for å selja unna både hus og bil då han var innlagt på sjukeheim.