Vinden tok juletreet

Det store juletreet i sentrum av Leikanger klarte ikkje stå imot vinden.

Publisert 15.01.2015 kl. 13.43. Oppdatert kl. 14.55.

– Det var litt overraskande at det fór i vinden no då det stod i stormen Nina, seier Per Gjerland i Leikanger kommune.

Han opplyser at dei no vil fjerna juletreet.

– Det var tid for å fjerna det, men me har hatt så mykje snø og brøyting at me ikkje har hatt tid.

Gjerland fortel at det ikkje er første året naturkreftene har teke seg av juletreet på sentrumsplassen. Det har skjedd at treet har brotna.

– Det er ikkje bra å ha eit for stort og fint juletre, for då får vinden ekstra tak i det, seier han.