Måtte venta etter ruskontroll

Ein lastebilførar fekk utslag på ruskontroll i Aurland.

Publisert 15.01.2015 kl. 14.16. Oppdatert kl. 14.17.

Politiet har torsdag hatt ruskontroll på E16 i Aurland.

Føraren av ein utenlanskregistrert lastebil fekk pålegg om å venta då han fekk utslag på kontrollen. Det synte seg at han hadde under 0,2 i promille. Vedkomande fekk difor etter ei stund køyra vidare, opplyser politiet.

36 bilførarar var kontrollerte.