Felles mønstring

Sviktande påmelding gjer at Sogndal, Leikanger og Luster går saman om felles kulturmønstring for ungdom i år.

Publisert 15.01.2015 kl. 11.34. Oppdatert kl. 12.26.

– Henrik Hovland, som er UKM-ansvarleg hadde ideen. Bakgrunnen er å gjera litt meir ut av UKM enn før og for å fornya oss litt, seier ungdomsleiar Maria Kalstad i Sogndal kommune.

I fjor var det god påmelding til UKM i Sogndal, men dei to andre kommunane har hatt variert oppslutnad.

– Ungdommane er kanskje litt leie av måten det blir gjort på. Kanskje det blir litt kjekkare om me går saman, seier Kalstad.

Tre dagar

Ungdomsrådet i Sogndal skal truleg vera vertskap for arrangementet, som går føre seg 14.-16. mars. Framføringane og utstillingane skal vera i kulturhuset.

– Me vil at første dag skal brukast til å gje litt rettleiing og feedback saman med fagfolk og gjera deltakarane tryggare på scena. Framføringane skjer i to framsyningar søndag og me ser føre oss at det vil likna fylkesmønstringa, seier Kalstad.

Målet er også å få til ein skulekonsert måndagen etter.

Minst 50

Frist for å melda seg på er 1. mars og Kalstad håper på minst 50 innslag frå dei tre kommunane.

– Me håper på litt meir dans i år. Ein må hugsa på at dette ikkje er ein konkurranse, men ei moglegheit til å visa seg fram.