Kaos på vegane

Dårleg skodde vogntog skapar problem på vegane, melder politiet.

Publisert 14.01.2015 kl. 19.37. Oppdatert kl. 19.38.

– Politiet har fått fleire meldingar om trafikale problem på vegane i fylket. Desse meldingane vert dominert av vogntog som anten er dårleg skodde for norsk vinter og vestlandsveger, samt at føret på desse vegane skapar store utfordringar, melder politiet.

Tre over vegen

Politiet har også fått melding om at ei furu har hamna i vegen ved Heggmyrane skisenter. Dette skapte køar, men skal no vera ordna opp i.

Berging

Litt over klokka 16.30 onsdag fekk politiet melding om at ein bil vart påkøyrd bakfrå av ein annan bil i Bøyadalen omlag 2 kilometer sør for Fjærlandstunnelen.

– Ein person hadde smerter i nakken og vart sjekka av lege, opplyser politiet.

Oppdaterte vegmeldingar finn du her


Les meir om: Siste Nytt Leikanger