Håper på færre rekordar i år

I fjor var året då vêrrekordande stod for fall.

Publisert 14.01.2015 kl. 13.21. Oppdatert kl. 13.34.

Ikkje berre ein gong, men mange gonger, og sjansen er stor for at me er på veg inn i eit nytt år mot normalen.

Rekordvarme

– Me hadde eit forferdeleg varmt år i fjor, seier Stein Harald Hjeltnes, dagleg leiar på Njøs næringsutvikling.

– 2014 er det varmaste året me har hatt sidan målingane byrja her på Njøs i 1929. I fjor viste gradestokken eit snitt på pluss 9,5 grader mot normalen på 6,6 grader. Det er nesten 2,9 grader høgre enn normalt. Me ser ei stigande kurve på varme. Førre rekorden var i 2006. Då var snittemperaturen 8,4 grader, medan det var over ein grad meir i fjor, seier Hjeltnes.

God avling?

– Men det er vanskeleg å vita om me får eit like fint år i år?

– Sjansen er stor for at det vert eit godt år. Med dei gode temperaturane som var i fjor, får til dømes frukttrea gode ressursar til å selja mykje bra blom, og som vil gje god avling i år.

– Resultatet var at me hadde ein rekordtidleg sesong. Dei første eddaplomene kunne plukkast 21. juli. Og det gav seg utslag i at det var eit fantastisk vekstår. Bøndene fekk lengre sesong til å selja varene sine, og frukta hadde framifrå kvalitet.

Første gong

I juli månad var snitt-temperaturen for første gong målt til 20,1 grader.

– For første gong har juli vore så varm, fortel Hjeltnes, men målingane viser at kvikksølvet i gradestokken har krope mykje høgre opp enn det som er vanleg. I fjor var det meir unntaket enn normalen av temperatur og nedbør som kunne førast inn i boka med målingane når det gjeld temperatur og nedbør.

Meir vêr

– Me har hatt meir ekstremvêr, og det er sagt det òg vil verta det i åra framover. Det nye året byrja i same lei som fjoråret, men eg håpar det ikkje vert fullt så mange rekordar dette året. Fjoråret var eit ekstremår, men det gjekk helst på temperatur, seier Hjeltnes.

Fruktforskaren på Njøs er spent på korleis ekstremvêret kan slå til i år.

– Vert det mykje vind og med det kan det verta mange brotskadar på tre og busker, seier Hjeltnes. Han legg ikkje skjul på at han og alle i fruktmiljøet er spente på korleis dei nye frukttrea greier seg.

Pass stikkrenner

Mindre nedbør enn normalt var det òg. I fjor målte dei 963,8 mm regn på Njøs, medan det normale har lege på 994.

– Dei mest regnrike månadene var mars, oktober og desember, elles var det veldig lite nedbør med unntak av mai månad. Mai er til vanleg ein turr månad, men i fjor kom det 55 prosent meir nedbør.

Alle hugsar det ofselege regnet i oktober, og korleis 200-årsflaumen laga store skadar i Flåm og Lærdal.

– Folk må passa stikkrenner og veiter sidan meir varme òg fører med seg meir ekstremregn, seier Stein Harald Hjeltnes.