Er dette ulv?

Mogleg ulveobservasjon i Flåmsdalen.

Publisert 14.01.2015 kl. 00.01. Oppdatert kl. 08.42.

På julaaftan vart det observert eit dyr på Dalsbotten i Flåmsdalen som kan vera ein ulv.

Bilete

Så langt er det gjort minst to sikre observasjonar av dyret, og det er også fotografert.

– Eg vart merksam på dyret i dagslys på julafta. Det låg i snøen rett over elva, ikkje langt frå huset mitt. Dyret var ikkje særleg redd, det vart ståande roleg å sjå på meg, før det byrja å rulle seg og, slik det såg ut for meg, leike seg i snøen. Då eg hadde fått henta mobilen for å knipsa bilete, hadde dyret flytta seg lenger vekk. Bilete er difor ikkje spesielt godt, seier Johannes Dalsbotten.

Dokumentasjon

Biletet syner det som kan vera ein ulv, ein stor hund eller kanskje ein rev. – For meg verkar dyret til å vera for stort til å vera rev, seier Dalsbotten som gjorde den første observasjonen av dyret. Seinare har ytterlegare ein person sett dyret på same stad som ved første observasjon.

Husdyra i Flåmsdalen er innomhus på denne tida av året. Ingen husdyr er difor korkje sakna eller drepne.

– Det kan vera ein rømt stor hund, men ingen i Flåmsdalen saknar hundane sine, seier Johannes Dalsbotten, som nemnde observasjonen sin for Statens naturoppsyn sin rovviltkontakt, Håkon Øydvin.

– Eg har vore på staden og sjekka spora etter dyret. Det kan vera ulv, men det ligg ikkje føre sikker dokumentasjon på det. Mykje regn hadde ført til at spora hadde smelta ut, vorte større enn dei truleg var i fersk tilstand. Det er vanskeleg i dokumentera dette skråsikkert før me kan jobba med ferske spor. Då vil me kunne sjekka eksakt storleik og skrittavstand. Eg har avtale med folk i Flåmsdalen om å bli kontakta umiddelbart dersom dyret vert observert på nytt, seier Øydvin.

– Kan vera ulv

– Kva dyr meiner du er fotografert?

– Bilete er for kornete til å seia noko sikkert om det. Det kan godt vera ulv, men det kan også vera ein hund av den polare typen. Det kan også vera rev, som det er ein stor bestand av i området. Eit revespor kan i utsmelta tilstand også verte betydeleg større enn normalt. Me held det ope og vil følgja godt med i håp om å kunne konkluderasikrare, seier Øydvin. Lenga på individet sin hale tilseier at det ikkje er Gaupe.

– Ikkje rev

Det er lisensjakt på ulv, og på vestlandet er det i følgje rovviltkontakten eit løyve att på kvoten. – Det er fritt fram å jakta, vel å merke dersom ein er registrert som lisensjeger, har betalt jegeravgift og har avlagt skyteprøve.

Pål Mikkel Dalsbotten er gardbrukar på Dalsbotten. Han er også jeger, og følgjer ofte med på åtet som no er lagt ut i det området den firbeinte skapningen ved eit par høve er observert.

– Eg trur ikkje det er rev. Spora, steglengda, er altfor stor til å vere rev. Det er anten ulv eller ein stor hund. Dersom det er hund, så er det ein laushund på vidvanke. Det er i alle høve ikkje spor etter folk som har vore saman med dyret, seier Pål Mikkel Dalsbotten.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Aurland