Friluftsfesten er i gang

Ordføraren var aldri i tvil om å ta utfordringa om å sova ute i natt på Kleppa.

Publisert 13.01.2015 kl. 22.06. Oppdatert kl. 14.47.

 – Det er minst 30 år sidan sist eg sov ute, men eg gler meg, seier ordførar Olav Lunden. Han var ikkje åleine om å vera spent på korleis det ville verta å overnatta i telt på populære Kleppa.

Telt og bål

Djup snø, lette snøfnugg i lufta og nokre få kuldegrader.

– Eg trur det vert ein kjempefint, og det ser ut til at det blæs frå seg i går kveld, seier Marte Kviberg i Sogndal og Leikanger DNT. 

I kveld kryp 14 små og vaksne frå spreidargruppa, DNT og Leikanger Jakt- og Fiskelag  inn i telta som er rigga i området ved skihytta.

Men først kosa dei seg med å grilla pølser på bål og laga kakao, og det smakte godt i den kalde kvelden.

Strategi

Friluftslivets år 2015 er ein del av Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv som Klima- og miljødepartementet presenterte i august 2013. Målet er å få fleire til å ha eit aktivt friluftsliv.

– Me vil få fleire aktivitetar utover året, lovar Petter Stenstadvold i Systrond speidargruppe.

Har du overnatta ute? Send gjerne bilete til nett@sognavis.no.

Les meir i papirutgåva av Sogn Avis.