Morgonruta innstilt

I alle høve ut denne veka må elevane frå Aurland ta bussen til Sogndal om morgonen.

Publisert 13.01.2015 kl. 13.11. Oppdatert kl. 13.29.

– Me har fått ein rapport frå kapteinen på skyssbåten som fortel oss at det er mykje drivved og andre ting som ligg og flyt i fjorden. Dette må ryddast opp før me kan senda elevane med båt om morgonen, seier Håkon Skjerdal i Aurland kommune.

Dagslys

Konsekvensane av dette er at Aurland kommune har valt å innstilla morgonruta med båt frå Flåm/Aurland til Sogndal, og at elevane som skal på vidaregåande skule i Sogndal reiser med buss i staden.

– Dette gjer me fordi farvatnet er sopass ureint at me ut frå tryggleiksomsyn berre lèt båten gå i dagslys. Sjølv om båten har både godt lysutstyr og radar, vil me vera på den sikre sida, seier Skjerdal.

Ut veka

I første omgang gjeld denne ordninga til og med fredag, Slik at elevane tek buss til skulen, og blir frakta med båten heim att frå Sogndal.

– No har Kystverket teke på seg kostnadene med ein tredagars ryddesjau i fjorden. Så får me ta ei oppsummering på fredag. Då avgjer me også om båtane kan vera i drifta att om morgonen frå måndag 19. januar, eller om tilhøva i fjorden er slik at han framleis må ha daglys for å ferdast der med passasjerar, seier Håkon Skjerdal.

Det er både i Aurlandsfjorden og ute i Sognefjorden det ligg drivgods. Noko stammar frå storflaumen i Flåm, men også ting som flaumen sopte med seg ut i Lærdalsfjorden ligg enno att i fjordbassenget.


Les meir om: Siste Nytt Nyhende Aurland