Per Hilleren er leiar i Sogn og Fjordane bondelag.

Bondelaget blandar seg ikkje opp i Lerum-avgift

Sogn og Fjordane Bondelag vil ikkje blanda seg bort i spørsmålet om produktavgift eller ikkje for Lerum Fabrikker.

Publisert 24.05.2009 kl. 19.33.

I Sogn Avis laurdag kom høgreleiar Bjørn Lødemel med ei direkte utfordring til bondelagsleiar Per Hilleren om korleis Sogn og Fjordane Bondelag ser på produktavgifta Lerum Fabrikker må betala for safta verksemda produserer.

Saft som er produsert av frukt og bær frå lokale dyrkarar.

Rammevilkår

Per Hilleren fortel at Lerum Fabrikker og produktavgifta så langt ikkje har vore sak i Bondelaget, korkje her i fylket eller sentralt. Han meiner at for produsentane i Sogn og Fjordane er det dei totale rammevilkåra for bedrifter som Lerum som er avgjerande.

– Styremaktene må gje Lerum såpass til rammevilkår at dei kan kjøpa råvarene hjå oss til den prisen me treng. I staden for å henta råvarer frå utlandet, seier Hilleren.

– Statlege avgfter, som til dømes produktavgifta, er sjølvsagt ei side av rammevilkåra. Men etter vårt syn har bruken av denne avgifta også helsepolitiske aspekt, som me meiner at politikarane får vurdera og diskutera, seier Per Hilleren.


Les meir om: Nyhende