Kvifor sende dei Gjest til by´n som gutunge ?

Interessa for Gjest Baardsen er stor i superkjendisen si fødebygd. Tysdag kom dei i hopetal for å høyra forfattaren Erling Gjelsvik fargeleggja 1800-talets mest fokuserte personlegdom frå folkedjupet. Og kvifor vart han send vekk frå heimbygda si før han var konfirmert?

Publisert 26.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 15.15.
Det har blitt 500 sider med Gjest Baardsen. Boka er klar for lansering om ei veke. Erling Gjelsvik har levd med stoffet i tre år. Gjest Baardsen-biografien byggjer på nitide studiar i eit fleire tusen siders kjeldemateriale.
– Eg vart oppfordra til å lukta på Gjest som objekt for ein biografi, eg skal vedgå at interessa var berre passe stor i starten, seier han, og gjekk til kjeldematerialet med den oppfatninga at det meste var sagt om Gjest Baardsen frå Sogndalsfjøra.

Gjest dag for dag
Men det slo snøgt om. I dei omfattande rettsreferata og forhøyra, samvitsfullt nedskrive til minste detalj i samtida, steig noregssogas mest dokumenterte mann frå 1800-talet fram.
– I materialet på Statsarkivet i Bergen kan Gjest Baardsen si karriere følgjast dag for dag, seier forfattaren.
I motsetnad til folk før han, som har hatt bruk for å skaffa seg kunnskap om den ustyrlege sogndølen, har Erling Gjelsvik vore i stand til å halda kjeldene opp mot Gjest si eiga framstilling av livet sitt.

Korrigert mot fakta
Erling Gjelsvik stod brått framfor utsiktene til å kunne korrigere ein av nasjonens store myter mot fakta. Han klemde i veg med norsk arkivhistories mest komplette materiale på eitt einskildindivid.
Resultatet har blitt ei massiv nedstripping av myter. Gjest Baardsen blir avkledd til skinnet og vist fram som den gangsteren han var.
Men er me forbausa? Neppe, alle har vel skjønt at den verkelege Gjest var lysår frå lystige Alfred Maurstad si Gjest-tolking. Skal ein overleva i nasjonens tippeliga for ultrakriminelle, den gongen som no, må ein kjenna eit knep eller to.

Slo til mot heimbygda
Gjest Baardsen lærde tidleg å manøvrera i dette miljøet. Som 15-åring var han godt i gang. Dei ti åra mellom 1811 og 1821 brukte han til å krabba like til topps i den unge nasjonens underverd, som 30-åring var han på høgda av den kriminellle karriera si.
Den barnefødde sogndølen rygga ikkje attende for å raida heimbygda si heller. Erling Gjelsvik viser korleis han tek seg attende til Indre Sogn ved fleire høve, lokalkjend som han er, finn han snøgt fram til gardane det er verdt å vitja.
Natta til 1. november for 180 år sidan var Gjest Baardsen og kompisen Sven Brekke på veg inn fjorden, etter endt soning i Trondheim. Tre dagar seinare sler dei til på Rutlin og Skjeldestad, men i Gjest Baardsen sine memoarar har denne hendinga fått kun halvannan line.
– Han veik attende frå å skildra raid mot si eiga heimbygd, seier forfattaren.

Gyllen sjanse i Bergen
Erling Gjelsvik trur Gjest Baardsen sine memoarar er ein avansert nådesøknad. Til sist skulle denne vegen føra fram.
– Ein kar som skriv for fridomen held seg ikkje til sanninga, seier Erling Gjelsvik, og dømer Gjests bestseljande biografi frå 1840-åra inn ein stad mellom dikting og dokumentar.
Han riv ned ei anna myte også, Gjest sitt tilhøve til lokalsamfunnet. Forfattaren finn det meir enn merkeleg at guten vart send i veg heimefrå før han hadde stått konfirmant.
– Eg trur lokalsamfunnet lett gav slepp på unge Gjest, men undrast på korleis han kunne bli teken i lære hjå ein bødtker i Bergen, seier han.
Gjest Baardsen må ha fått ein gyllen sjanse. Å koma i bødtkerlære var elles berre for bygutar, det var strake vegen til meisterposisjon og romsleg personleg økonomi.

Farlaus gutunge
Men det blei ingen borgarkarriere for Gjest Baardsen. Han siglar utfor etter berre kort tid i Bergen. Attende står det største mysteriet:
Kvifor sende dei han ut i verda før konfirmasjonen?
Kvifor gjekk det gale i Bergen etter kort tid?
Kvifor valde han ei livslang kriminell løpebane?
Svaret er truleg langt på veg å finna i Gjest Baardsen sin barndom, men barndomen er den bolken av livet hans som ikkje er dokumentert, sidan vart han fotefylgd av norsk politi og rettsvesen, men dei brydde seg neppe om kva påverknader unge Gjest var blitt utsett for som farlaus gutunge i eit 17/1800-tals bygdesamfunn i Indre Sogn.


Les meir om: Nyhende Kultur