Proffe estlendingar til Tjugum

The Chamber Choir of Orthodox vil sundag servera songar frå den russisk-ortodokse tradisjonen i Tjugum kyrkje.

Publisert 25.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 15.23.
Det er eit solid kor som tek plass rundt alteret sundag. Koret har vunne fleire internasjonale prisar og har gitt ut fleire plater.

Starta i Tallinn
Koret såg dagens lys i Tallinn i Estland i januar 1989. Dei profesjonelle musikarane har sidan blitt svært populære. Både i Russland, Sverige, Finland, Noreg, Polen og Ungaren har koret vore på turne.
- Koret er av høg kvalitet, forsikrar Jan Herland, som er organist i Tjugum sokn.
– Repertoaret er samansett av songar frå den russisk-ortodokse tradisjonen. Dels frå den Ortodokse liturgien med mellom anna bøne og lovsongar, fortel Herland.
Koret nyttar songar frå 15- og 1600-talet.
Koret er samansett av 10 musikarar, men til Balestrand er talet medlemmer 6. Herland oppmodar folk til og møta opp på arrangementet, som garantert vil vera ei oppleving.


Les meir om: Nyhende Kultur