Nytt og gamalt sydd saman med stil

8 millionar kroner har hotellsjef Erling Eggum lagt på bordet. No sitt han att med eit moderne hotell rusta for framtida.

Publisert 24.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 15.27.
Vel eitt år har det teke og gjera dei grepa hotellet ønskja. Laurdag viste Erling Eggum stolt fram «Nye» Klingenberg Hotell til kring 100 spesielt inviterte gjester.

Mykje nytt
Hotellet på Årdalstangen har gjennomgått ei fullstendig renovering og utviding. Ny bar, barsalong, restaurant og nattklubb er på plass. I tillegg er snart eit nytt trimrom klar til bruk.
– Moderne og triveleg, seier Erling Eggum når han skal beskriva sitt nye anlegg. Nytt og gamalt er knytt i hop på ein god måte i fjordkanten på Årdalstangen.
Hotellet har ei rik historie, der fjellklatring har vore sentralt. Ei rekkje med bilete og teikningar tekne av fotograf, forfattar, regissør og filmskapar Jan Schwarsott gir dei lyse lokala eit lyft.
– Me har prøvd og forma hotellet slik at det skal ha sin eigen stil, seier Eggum, som har lukkast med akkurat det.

Moderne og lunt
Interiørarkitekt Anne Hell Berg Karlsen hadde teke turen til opninga i helga.
– Hotellet har fått ein moderne stil, men også ein lun atmosfære, seier interiørarkitekten, som er glad for å arbeida i hotell som står utanfor dei vaksne kjedene.
– Hotella som er i kjeder er konservative og kontinentale i stilen. Det gjer dei svært like alle saman. Det er langt kjekkare og arbeida utanfor slike kjeder. Då får ein hotell med eit spesielt særpreg, seier Anne Hell Berg Karlsen.
Ho har i sitt arbeid lagt vekt på fargar og lys.
– Me har brukte meir fargar enn det som var her tidlegare. I tillegg har me nytta opne løysingar, fortel interiørarkitekten, som også har freista og få fram naturen betre.
– Me har lagt vekt på å få større flater med vindauge mot fjorden. Det gjer også sitt til at lokal blir lysare, seier Oslo-arkitekten.

Romma neste?
Det er langt frå første gongen at Erling Eggum og Anne Hell Berg Karlsen samarbeider.
– Eg var her på oppdrag første gong for 12 år sidan. Sidan har eg vore med på fleire prosjekt ved hotellet. Og det er kjekt for me samarbeider godt, seier Anne Hell Berg Karlsen, som er klar for fleire turar til Tangen.
– Det kan fort bli meir. Romma treng vel snart eit lyft, seier ho.
Det er Eggum samd i.
– Ja, det blir nok neste prosjekt. Men kortid det blir er ikkje bestemt endå, seier han, og understrekar at bankkontoen avgjer slikt.
Dei mange frammøtte fekk sjå eit topp moderne hotell som er rusta for framtida. Maten gjorde også sitt til at kvelden vart vellukka. Laks, hjort og skogsbær smakar godt om hausten...


Les meir om: Nyhende Kultur

Siste saker Gå til framsida