Endeleg får sogndølene lokalhistorisk årshefte

Sogndøler som har nådd ein viss alder hugsar med glede Heimbygdi vår, det lokalhistoriske heftet som kom ut med si siste utgåve i 1974. No tek sogelaga i Fjærland og Sogndal opp att arven med ¿so han sa¿.

Publisert 24.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 15.27.
Lat det vera sagt med ein gong: Dei to sogelaga – med redaktørane Atle Bondevik og Arne Stein Pedersen i spissen – har skote blink med den første utgåva av ¿so han sa¿, eit lokalhistorisk årshefte i A4-format. Både med omsyn til tidsepokar, som omfattar fjerne og nære historiske hendingar, og når det gjeld geografisk nedslagsfelt, er heftet vorte ei god rettesnor for komande utgåver.

Tidkrevjande dugnadsarbeid
Er du mellom dei som ikkje reagerte på lappen som kom i postkassen og som inviterte til å teikna abonnement, bør du truleg raska på litt om du vil sikra deg ei utgåve. Vel 250 eksemplar er alt tinga som følgje av postaksjonen, og like mange er att til etternølarane. Å trykkja opp fleire enn dette, er ikkje aktuelt.
– Tilbakemeldingane frå dei få som har motteke heftet til no er veldig positive, seier Atle Bondevik og Arne Stein Pedersen. Dei to redaktørane har, saman med mange medhjelparar, lagt ned eit tidkrevjande dugnadsarbeid i realiseringa av eit lokalhistorisk årshefte for Sogndal kommune.
– Det er dugnadsarbeid heile vegen. Forfattarane har stilt opp utan honorar, og samstundes har næringslivet bidrege med sponsormidlar, seier Bondevik.

Samarbeid mellom to sogelag
Både dugnaden frå forfattarar og redaktørar, og velviljen frå næringslivet, har vore heilt avgjerande for å kunna gje ut heftet. Og mange vil meina det er på høg tid at Sogndal får att sitt årlege lokalhistoriske tidsskift; Vik, Leikanger, Luster og Årdal har sine publikasjonar med lokalhistorisk stoff, medan sogndølene har måtta greia seg utan sidan 1974. Merkeleg eigentleg, når ein veit kor stor interesse det er for lokalhistorie, og i ei bygd med ein høgskule som har eige studium i faget.
– Under arbeidet med dette har me tydeleg merka at ein slik publikasjon har vore eit sakn her i Sogndal, seier Arne Stein Pedersen. Han legg til at det ikkje har vore noko ulempe å ha Fylkesarkivet så nær når ein har vore på leit etter historisk kjeldemateriale og dokumentasjon i tekst og bilete.
Det som er litt spesielt, er at det er to sogelag i kommunen etter at fjærlendingane gjorde sogndøler av seg: Fjærland Sogelag og Sogndal sogelag står bak utgjevinga av ¿so han sa¿.

Planlegg årviss utgjeving
No er ambisjonane utgjeving av eit årvisst lokalhistorisk hefte av ¿so han sa¿ – vonleg til glede for fleire generasjonar sogndøler og fjærlendingar. Dei to redaktørane meiner å registrera ei aukande lokalhistorisk interesse mellom yngre generasjonar. I alle fall er mange av dei kring 250 tingarane under 50 år.
– Ja, me må nok snart kvessa blyanten og byrja på att. Det er mykje å gripa tak i, seier Atle Bondevik. Han meiner dei har lukkast bra med å få samla stoff frå alle sokna i kommunen til den første årgangen av ¿so han sa¿.
– Me tek gjerne imot tips og innspel. Dei som vil må gjerne skriva sjølve. Dette er ein møteplass for lek og lærd, som Per Sandal skriv i føreordet sitt. Forteljarkunsten sit mange inne med, og ofte dei ein minst trur det om, seier Pedersen og Bondevik.

– Det er ikkje alle som kan eller vil skriva sjølve, men forteljingane deira må me ta vare på, seier Bondevik, og tilbyr seg også å reinskriva og redigera eventuelle manus, saman med medredaktør Arne Stein Pedersen.
– Det er eit hav av stoff på gripa tak i, nesten skremmande mykje, seier Arne Stein Pedersen. Og på mange vis hastar det; den eldste nolevande generasjonen sogndøler og fjærlendingar sit inne med svært mykje kunnskap om eit samfunn som har gjennomgått enorme endringar i løpet av deira livsløp. Det er nok å nemna andre verdskrigen, bilen og straumen. For oss lesarane skulle det vera mykje å gleda seg til.
– Kva gjer dei som ikkje har tinga heftet men som vil sikra seg første årgangen av ¿so han sa¿?
– Det enklaste er å ringja meg på 57 67 15 42, seier Arne Stein Pedersen.


Les meir om: Nyhende Kultur