Ein dag for åndeleg føde

Først og fremst ein dag med kyrkja sitt bodskap og songen i sentrum, men óg ein dag for sosialt samvære for dei åtte prestegjelda i Indre Sogn. Denne gongen lagt til dei tre bygdene inst i Lustrafjorden. På ein gnistrande haustdag, som skapt for åndeleg føde.

Publisert 24.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 15.27.
I utgangspunktet ein heilt vanleg søndag i oktober, men bilparken utanfor Fortunkyrkja fortel at det er noko spesielt på gang denne dagen.
Innanfor kyrkjeveggene forsterkar inntrykket seg. Salmane ljomar i dei gamle ærverdige veggene og fortel at denne dagen er kyrkjelyden utvida med mange songsterke krefter.

Kyrkja ho er eit gamalt hus, stend om enn torni mun falla. Torn etter torn dei sokk i grus, enno kan klokkene kalla.

Den gamle salmen fyfter seg under taket, og til og med under bønerop og lovsong kjem det eit unisont og klokkeklar svar frå benkeradene. Langt sterkare enn dei trufaste kyrkjegjengarane er vane med på ei «kvardagsleg» gudsteneste.

Felles samling
Med representantar frå dei åtte prestegjelda til stades, var det ikkje rart at songen ljoma denne føremiddagen.
– Ei samlingshelg for indresogningane, seier prostiprest Kollbjørn Aske og kan gledeleg konstatere at dei fleste radene i kyrkja var fylte opp.
Dei åtte prestegjelda under Sogndals-prosten møtest til felles kyrkjedag i Luster, som starta i Fortun, gjekk via middag og underhaldning i Skjolden og vart avslutta med songstund i Dale kyrkje. Gudstenesta i Fortun vart halden av sokneprest Audun Systad og vikarprest Anders Grytten.
Tema for gudstenesta var «Kva er det å vere ein kristen», og Anders Grytten starta preika litt utradisjonelt ved å stille seg bakest i kyrkja. For å skildre korleis det kan vere å føle seg utanfor når du gjerne vil inn i varmen.

Ikkje stå utanfor
Og meir skal det kanskje ikkje til for å fengje kyrkjelyden litt ekstra enn den vanlege preika på stolen ofte gjere. For Grytten gjekk aldri på stolen for å formidle bodskapen. Han held seg nede på golvet, og hadde ei lydhøyr forsamling rett framfor seg då han tolka temaet om kva han meiner det er å vere ein kristen.
– Det er mange som vil ta monopol på kristendomen. Det finst mange sjølvoppnemnde dørvakter som prøver å stengje andre ute. Jesus var ein snill og tolmodig person, men ein ting gjorde han sint. Det var når nokon vart haldne utanfor, sa Grytten, som synst det er vanskeleg å finne noko enkelt svar på spørsmålet om kva er ein kristen.

Gjekk heim
– Eg har sjølv opplevd å føle meg så utanfor at eg gjekk heim frå ei gudsteneste. Den gongen eg var ung student og følte meg rett og slett uverdig i selskapet med fromme, velkledde og sangsterke kyrkjegjengarar, fortalde Grytten.
Han synst vi menneske skal vere varsame med å setje merkelappar på kvarandre og stengje att dørene.
– Vi er ikkje kalla til å vere dørvaktarar. Vi skal heller opne dørene på vidt gap slik at alle som vil kan få ferdast i trua sitt hus. Her er det plass for narkomane, for prestar, for politikarar for dei med psykiske problem og for dei som ikkje alltid har orden på livet sitt. Ingen kan gjere seg sjølv til ein kristen. Verken biskop eller prest er verdig til å seie om seg sjølv at det er ein skikkeleg Jesu etter følgjar. Like fullt vågar vi å gjere det fordi Jesus har sett sitt merke på oss, og seier at vi er velkomne i trua sitt hus, var bodskapen frå Anders Grytten denne kyrkjesøndagen.

Songstund
Etter gudstenesta fekk kyrkjefolket høve til å dyrke det sosiale fellesskapet med middag på Fjordstova i Skjolden. Trass i mykje god åndeleg føde på kyrkjedagen, var det nødvendig med litt påfyll for magen før dei slapp laus songgleda i Dale kyrkje.


Les meir om: Nyhende Kultur