81-åring opna utstilling om bestefaren

William Cecil Slingsby er mest kjend for å vera førstemann på Store Skagastølstind. Laurdag opna barnebarnet utstillinga om den engelske fjellmannen i Utladalen Naturhus.

Publisert 23.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 15.57.
Det er ei verdfull og vaksen historie som no er samla på bruket Skåri ved Hjelle.

Barnebarnet opna
Utladalen Naturhus skal utfylla Norsk Fjellmuseum i Lom, som har nasjonalparksenterstatus. Og med den nye utstillinga på plass, fyller ein den rolla med stil. Bilete, tekst og ein William Cecil Slingsby-kopi er noko av det ein no viser fram. Og det var liten tvil om at barnebarnet likte det han såg lengst framme i Utladalen.
Engelskmannen med bustadadresse i Tyskland fekk sjølvsagt æra av og opna utstillinga.
– Det er viktig å ta vare på historia for seinare generasjonar. Det har ein fått til her, og det er eg glad for, seier Jocelin Winthorp-Young(81) til Sogn Avis. Han har skjenka Slingsby-stiftinga mange gåver. Blant anna har ei rik boksamling fått plass på Skåri.
– Familien har samla alle årgangane av Alpine Journal. Og for meg er det naturleg at denne samlinga skal vera her, seier Jocelin. Alpine Journal kjem ut kvart år. Den første boka såg dagens lys 1854.
– Eg vil skjenka stiftinga ei bok kvart år så lenge eg lever. Eg voner dei held fram med å samla på slike bøker etter at eg har gått bort, seier Jocelin.

Lett på foten
Jocelin er framleis lett på foten sjølv om han har runda åtti år. Om det er tynn fjelluft som har gjort han så sprek, veit han ikkje.
– Det er vanskeleg å seia, men det er i alle fall ikkje usunt å nytta fjella, seier Jocelin, som ber ein lang familietradisjon vidare.
– Eg kjem frå ein klatrefamilie, og både bestefar og far min var ivrige i fjella. Det var difor naturleg for meg og gjera det same, seier Jocelin, som har mange fjellturar bak seg i Noreg.
– Men no har eg ikkje helse til dei lange turane lengre, seier Jocelin med eit smil om munnen.

Granska familien
Også John Snoad hadde funne vegen til Indre Sogn i helga. Han kan Slingsby-historia betre enn nokon.
– Eg har brukt mykje av tida mi på å granska historia til denne spanande familien, fortel den pensjonerte BBC medarbeidaren. Han fekk interessa for familien då han for 40 år sidan tok sine første steg i Noreg.
- Eg kjøpte tilfeldigvis ei bok om Slingsby. Den fanga så stor interesse at eg kjøpte to bøker til om denne mannen berre få dagar etter, seier Snoad. Også han var full av rosande ord for det han opplevde i Årdal laurdag.
– Utstillinga gir eit flott inntrykk for dei som tek til på ein tur i dei flotte fjella, eller kjem att frå ein fjelltur, seier Snoad.

Fleire språk
I dei lyse lokala har stiftinga nytta mykje plass på bilete og tekst. Målsetjinga til stiftinga er no og leggja materialet betre til rette for utlendingar. I dag er teksten på nynorsk, men til neste sesong skal både tysk og engelsk oversetting vera på plass. Arkitekten bak utstillinga var også til stades på opninga. Tor Schmedling har laga utstillinga på oppdrag for stiftinga.
– Ein har ikkje noko fasit på korleis dette skal sjå ut. Ein må ta eit val, og eg vonar det er slik ein ønskjer det, sa Schmelding i sin tale under opninga. Og tilbakemeldinga frå stiftinga tyder på at han har treft bra.

Nøgde
Leiar i Slingsby-stiftinga, Petter Løvdal, meiner ein no har fått samla kulturhistorie på ein god måte.
– Ideen fekk Jan Schwarzott i 1993. Sidan har ballen rulla, og eg meiner me har lagt eit godt grunnlag for vidare arbeid, seier Løvdal.


Les meir om: Nyhende Kultur