Går nye vegar for å opna kyrkja for fleire

Soknepresten i Balestrand har teke plass på skulebenken att. Målet er og leggja til rette for at utviklingshemma skal trivast i kyrkjerommet.

Publisert 21.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 16.00.
Balestrand er den kommunen i Bjørgvin Bispedømme med flest psykisk utviklingshemmatalet på utviklingshemma er, sett i høve til folketalet. I prosent ligg kommunen - med sine 33 utviklingshemma - på femte plass i landet.
– Balestrendingane har vore flinke til å integrera utviklingshemma, og har lang røynsle med det. Me i kyrkja har litt å strekkja oss etter på det området, meiner sokneprest Audun Systad.

«Bli kjent med kyrkja»
Systad vil no gjera sitt for at denne gruppa skal få gode opplevingar i kyrkja. «Bli kjent med kyrkja» er arbeidstittelen på kurset som kyrkjelyden no vil setja i gang. Over fire onsdagskveldar i november vil utviklingshemma i kommunen få betre kjennskap til kyrkja.
– Tema for kveldane blir «Bli kjent i kyrkjerommet», «Bli kjent i kyrkjeåret», «Bli kjent med dåp, konfirmasjon, brullaup og død» og « Bli kjent med nattverd og nattverdsgudsteneste», fortel Systad.
Han vil leggja opp kurset mykje likt vanleg familiegudsteneste.
– Eg trur det er viktig å leggja opp til meir konkrete handlingar. Dette vil me gjera gjennom og bruka meir bilete og vera meir pedagogisk retta enn det ein opplever i ei vanleg gudsteneste, seier Systad, som tykkjer kyrkja må tenkja litt nytt i så måte.
– Me har ein tung teoretisk tradisjon i kyrkja. Skal me treffa dei unge, må me nok bli meir konkrete. "«Ung messe» kan vere eit slik reiskap, seier Systad, som meiner det er viktig å finna ein balansegang.

Skulæring på Nærbø
Systad har saman med andre prestar, kateketar og diakonar teke til på studie « Ei kyrkje for alle». Studiet går føre seg på vernepleiarhøgskulen på Nærbø i Rogaland.
– Me lærer å forstå denne gruppa betre gjennom dette studie. Og det er god ballast å ta med seg, seier Systad, som vil leggja til rette for at dei utviklingshemma får nytta sine kreative evner i kyrkja.
– Dei har mange streke ressursar. Me ønskjer at dei får utfolda seg i kyrkjerommet med det dei er gode til, seier Systad.
– Kva ønskjer ein å oppnå med dette kurset?
– Målet er at terskelen for å nytta i kyrkja skal bli mindre etter kurset. Me ønskjer også å få til ordningar som gjer det lettare for utviklingshemma og bli med på tilstellingar i kyrkja. Ei følgjeteneste kan koma i kjølevatnet av dette, meiner presten.

Travle haustdagar
Den godt likte presten i Balestrand har ein stram timeplan fram mot nyttår.
– I desember kjem biskop Ole D. Hagesæter til Balestrand. Under bispevisitasen vil det bli eit stramt program, fortel Systad.
Ein må heilt attende til 1989 for å finna sist det var ein slik seremoni i bygda. Mykje må planleggjast, men Systad veit god korleis eit slikt program skal syast saman, for han har vore med på bispevisitasar to gonger medan han arbeidde i Jostedalen.
– Det er mykje og førebu, men me skal nok koma i mål. Andre tilsette og sokneråd, har vore gode støttespelarar i arbeidet med å førebu visitasen, seier Systad, som også har det travelt i helga.
– Sundag blir det hausttakkegudsteneste i Tjugum. Då vil blant anna 4-åringane få «Barnas Kyrkjebok», fortel Systad.
– Med eit slikt stramt program er det vel godt at Ytre Sogn Prosti har fått ei ordning der prestane får frihelgar med jamne mellomrom?
– Ja, ordninga me har med fri kvar fjerde helg, er ei god løysing. Me får på den måten regulert arbeidstida vår, seier Systad. Ei følgje av denne ordninga er at prestane må gjera jobbar utanfor kommunegrensene.
– Det betyr at eg blant anna må ta gudstenester i Høyanger. Det fungerer godt i dag, men ein må unngå at ordninga blir for flytande. At ein er sokneprest på staden ein bur, er ei ordning som ser ut til å bli godt ivareteken, seier Systad.

Media og internett
– Det kan ikkje vera like lett og førebu ei ny preik til kvar helg?
– Nei, det krev sjølvsagt litt. Eg les som regel teksten på mandag, slik at den kan arbeide i meg gjennom veka. Laurdagen er som regel preika kommen på papiret. For å finna emne gjeld det å følgja med i mediabilete. Internett er også eit godt verktøy i så måte. Som ein kuriositet kan og nemnast at prosten vår, Geir Sørebø, legg ut sine disposisjonar til preike på internett, og av og til får me saman i prestlagssamanheng komme med tips og idear i så måte, eit slikt samarbeid er og verdifullt, seier Systad, som utanom gudsteneste i helga vil støtta opp om lokale aktivitetar i bygda.
– Torgdagen og Bygdamarknaden må eg ha med meg, avsluttar Systad.


Les meir om: Nyhende Kultur