Brakkeungane har endeleg fått ny barnehage

Tolmodige har dei leika på kalde og trekkfulle golv, pusta inn dårleg luft, dei har kledd seg om i tronge garderober og gått på do bak eit forheng. No kan dei hente fram flagg og ballongar for å feire den splitter nye barnehageavdelinga si. – Her er det kjempefint med masse god plass og varmt golv, smiler Karius-ungane i Furuli barnehage.

Publisert 21.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 16.00.
Smiler gjere og styrar Heidi Solvoll Navarsete. Sjølv om barnehagen kanskje går inn i statistikken som fjordens lengste, er barnehagestyraren godt nøgd med dei nye lokala.
– Endeleg har vi fått det slik vi ville ha det. Vi føler som vi er komne i himmelen, seier Heidi. No vurderer ho å kjøpe seg sparkesykkel for å komme seg gjennom den lange barnehagen!
Det var fleire grunnar til at ein valde løysinga med eitt langt bygg i staden for ein vinkel. Ein ville behalde heile uteområdet med grusbane, ein ville ikkje ta sola frå uteplassen, og ein kunne skjerme byggjeaktiviteten frå leikande ungar.

Langt fram
Det er har vore ein lang prosess for å komme fram til den gledelege dagen det var sist tysdag. Då ungane kunne pakke sakene sine og flytte inn på den nye avdelinga.
I 1985 vart det plassert eit par brakker som med enkle grep var bygd om til ein etterlengta barnehage på Kaupanger. Då var det foreldra som måtte trø til for at kaupingane skulle få sin eigen barnehage.
Etterkvart som kommunen kom med i drifta, vart den utbygd med ei avdeling til, men framleis måtte brakkeungane finne seg i å vere under heller kummerlege forhold.
Sjølv om det vart klaga på kalde golv, dårleg og trang garderobe, lite egna sanitærtilhøve og personalrom som måtte kombinerast med kontor, så vart det ikkje fart i sakene før ei måling av lufta fortalde svart på kvitt at her var det ikkje egna for ungar å opphalde seg i så mange timar.

Foreldra pressa på
–Det var kanskje det som redda oss ja, seier Heidi, som óg rosar foreldra for å vere pådrivarar til ny barnehageavdeling.
Lenge var det snakk om at heile Furuli skulle flyttast ned til skulen, då den skulle utbyggjast. Då det ikkje vart noko av dei planane, vart heile nybygginga lagt på is, og ikkje henta fram att før kommunen måtte innsjå kor elendige tilhøva eigentleg var.
No kan dei endeleg boltre seg i flunkande nye lokaler til 1.7 millionar kroner. Born og vaksne er lukkelege over kor fint dei har fått det, og kommunen er glade for at ikkje budsjettet sprakk.
– Den største endringa er nok at vi no har fått ein barnehage som er bygd for det føremål. Ikkje berre lappa og klatta på slik det vil bli, når utgangspunktet er eit par brakker, seier Heidi. Endeleg kan styraren late att døra til eige kontor, og sleppe å bli kasta ut når avdelingsleiarane skal ha foreldresamtale.

To ekstra plassar
Noko eksplosjon i tal plassar har ikkje den nye avdelinga utløyst. Der er berre to meir enn tidlegare, som no gjer at Furuli totalt har førti heile plassar på to avdelingar. Med graderte plassar er det i dag total 26 ungar som stemplar inn på Karius på ulike vekedagar. Alle treåringar som har søkt har fått plass, men enno står det 2-åringar i kø for å sikre seg ein plass i Furuli. Det er og varsla eit stort kull med 1998 ungar som truleg bankar på til hausten.
– Før var det så gammalt liksom. No er alt nytt og fint, seier Vebjørn (5). Noko som Fred Rune (4) er heilt ening i.
– Eg er fireogeithalvtår altså, og så er det aller kjekkast å leike gøymsel inn og så vere ute, seier Fred Rune ivrig, før ballongane som nett er nedplukka frå taket tek all merksemd.
Ungane på naboavdelinga Baktus er slett ikkje misunneleg på Karius´ane, men kunne gjerne tenkje seg litt måling for å gjere det litt finare inne hjå seg sjølve.

Alle nøgde
Etter den høgtidelege opninga var foreldra inviterte på ettermiddagskaffi, og det var berre vellete å få om dei nye lokala. Enkelte peikar på at avdelingane Karius og Baktus no er meir fysisk adskilte. Detsynst ikkje styrar Heidi har nokon negativ effekt.
– Vi vil prøve å ha like mykje omgang med kvarandre som tidlegare, då berre kjøkenet skilte dei to avdelingane. Vi vil finne løysingar som gjere at vi er like mykje saman som før, seier ho, som heller ser den største utfordringa i å få barnehagekabalen til å gå opp neste år. For etter at Kaupanger skule starta med firedagars veke, er onsdagane naturlegvis blitt ein populær fridag, også for småsøsken med barnehageplass.


Les meir om: Nyhende Kultur