Klare for SOS-fest

Søndag er det klart for den årlege TV-aksjonen, i år til inntekt for SOS-barnebyer. Og desse unge systrendingane er klare til innsats.

Publisert 19.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 16.04.
Den glade ungeflokken skal delta med dans på familiefesten i ungdomshuset laurdag, ein fest som SOS-fadrar i Leikanger har teke initiativet til.

Idesamling
– Oddvar Sørensen, som er drivkrafta bak aksjonen i Leikanger, kalla alle SOS-fadrane i kommunen saman til eit idemøte for å finne ut korleis vi best kunne setje søkelyset på TV-aksjonen, seier Birte Fossheim.
Ho leiar ungdomslaget i bygda og fann fort ut at ungdomshuset burde kunne nyttast i samband med TV-aksjonen. Valet fall på ein familiefest som alle SOS-fadrane står bak. Der blir det underhaldning, video frå ein av SOS sine barnebyar, konkurransar og sal. Og inntekta går til aksjonen?
– I si heilheit, seier Fossheim.

Motiverande
Ho er sjølv SOS-fadder og meiner det å vera fadder er ei motiverande oppgåve å jobbe med.
– Det er gøy å få gjera ein innsats for barn som treng hjelp, seier ho, og registrerer same haldninga hjå dei andre SOS-fadrane i kommunen.
– Fadrane har vore veldig villige til å ta eit tak i samband med aksjonen. Og at det var SOS barnebyer som i år kom gjennom nålauga er berre kjempeflott, seier ho.


Les meir om: Kultur Nyhende