Vakre tonar til Sogn

Folkemusikktilhengjarar har eit høgdepunkt i vente kommande veke. Duoen Faukstad og Bjørkum er nemleg på turné i Sogn for tida.

Publisert 18.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 16.20.
Jon Faukstad og Per Sæmund Bjørkum har spela saman sidan 1992, då dei fekk til oppgåve å setje liv til ei gamal notesamling etter den velkjende spelemannen Torger Olstad frå Sel.
Dette skulle etter kvart syne seg å verte ein braksuksess i folkemusikkrinsar, og to år seinare vart det både TV-program og CD-produksjon.

Eldhug
Med utgongspunkt i dette stoffet har duoen utvikla eit program som har vekt eldhug både i inn- og utland. Dei to har mellom anna gjesta førde Internasjonale Folkemusikkfestival fleire gonger, i tillegg til turnéar over heile Europa.
Neste veke er det altså Feios, Naddvik og Sogndal som skal huse dei to musikarane. I fylgje pressemeldinga gjev programmet eit bilete av folkemusikk og dansemusikk i Gudbransddalen kring århundreskiftet - altså på slutten av 1800-talet.

Bondesmak
Samstundes er dette ei reise i mange stilartar og syner korleis musikken har vandra. Mange melodiar er særeigne for Gudbrandsdalen, men det finst og musikk med tydeleg sentraleuropeisk opphav, omforma etter smaken åt norske bønder. Jølstringen Anders Viken er og representert på komponistlista denne gongen.


Les meir om: Nyhende Kultur