Utset høgskulestudium

Høgskulestudiet i natur og kultur, som etter planen skulle starte opp i Årdal i februar, er utsett, i fyrste omgang til neste haust. Manglande finansiering er grunnen til at studiet no er utsett. Blant anna fekk prosjektet nei på søknaden om støtte frå Bygdeutviklingsmidlane.

Publisert 17.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 16.21.
Fylkeskommunen har enno ikkje teke stilling til søknaden frå prosjektet, som er eit samarbeid mellom Norges Idrettshøgskule og Utladalen Naturhus. Årdal kommune, Årdal Prosjektutvikling og Hydro har gjeve signal om stønad til prosjektet. Saman med deltakaravgifta, er halvparten av studiet finansiert. Men framleis manglar altså eit par hundre tusen.
Lena Fauske, som representerer idrettshøgskulen og er fagleg ansvarleg for prosjektet, seier til Sogn Avis at det undrar ho litt at dei ikkje fekk stønad frå fylket til dette.

– No har vi ikkje fått svar frå fylkeskommunen, så vi veit ikkje kva dei vil gjere. Men sidan svaret har teke så lang tid, måte vi berre utsette det heile til hausten. Med utgangspunkt i den gode støtten vi har fått når vi har starta andre stader i landet, så er eit nei frå BU veldig overraskande. Både i Hallingdal, på Lillehammer, Røldal og Rosendal har finansieringa gått veldig greitt. Dette er og veldig naturleg, studiet gjev høg kompetanse innan natur og kultur og synleggjer godt verdiane som ligg på dette området. Vi ser at mange av dei som har gjennomført studiet, vil bruke det i samband med etablering av ny næring eller utvikling av eksisterande.

Vil jobbe vidare
Prosjektleiar Petter Løvdahl seier dei vil jobbe vidare med prosjektet for fullt.
– Det er på ingen måte skrinlagt, og vi vil sende ny søknad på BU-midlar når dei blir utlyste. Vi er eigentleg blitt oppmoda om det. Men sidan vi ikkje har fått konkrete svar frå fylket, så var det uansett for seint å gå i gang no.
Løvdahl oppmodar folk som er interessert i å byrje på studiet, om å ta kontakt.


Les meir om: Nyhende Kultur