Mannskoret feirar seg sjølv med konsert

Leikanger mannskor har 75 års jubileum. Dette skal dei markera med konsert og revy i Fylkeshuset.

Publisert 16.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 16.23.
Koret som er elska i fruktbygda, markerer sine 75 år med stil fredag
3. november. At dei skal ha konserten i Fylkeshuset, er berre naturleg
når ein veit kor gode leverandørar av råstoff fylkespolitikarar og
byråkratar har vore til dei vidgjetne mannskorrevyane opp gjennom
åra.

Kjendis
Leikanger mannskor har vore viktig for kulturlivet i bygda. Koret har
fått Leikanger kommune sin kulturpris, og i 1996 fekk koret
fylkeskulturprisen for innsatsen sine.
Koret er kjendisar vide utover. Den årlege palmerevyen er vide kjend
og elska for si spesiell evne til å ta lokale og regionale hendingar på
kornet. Ja, koret har heller ikkje vore skvetne for å tolka internasjonale
storpolitiske hendingar på sin særprega måte.

Dirigerte i 26 år
Mannskoret er staden for songglade menn i bygda. Dei må heller
ikkje ta seg sjølve alt for alvorleg.
Opp gjennom åra har koret hatt mange dirigentar. Odd Njøs dirigerte
koret i 26 år. Andre dirigentar har vore Lars Nes, Magne Urheim,
Ellen Lysne og Ludvig Kjellevoll. I haust har ikkje koret nokon fast
dirigent, men Diccon Pearce har sagt seg villig til å dirigera koret i
haust, og til jubileumsfesten er over.


Les meir om: Nyhende Kultur