Politimann med skøyarstreker som terapi

I dag får polititenestemenn og -kvinner tilbod om krisepsykiatri og kollegastøtte når dei har jobba med tøffe saker. Slik var det ikkje før, men Johan Johannessen visste kva som skulle til for å koma seg vidare etter traumatiske opplevingar i tenesta. Han fann på ein eller annan utspekulert revestrek.

Publisert 14.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 16.26.
Frå 1. august fekk politiavdelingssjefen ved Sogndal politistasjon ny
status: Berre 57 år gamal gjekk han over i pensjonistane sine
rekkjer, etter å ha jobba som politimann sidan 1967. Det har vore
over tretti år med enorme endringar i politi- og lensmannsetaten.
Lenge fungerte generasjonsbustaden til Johan og kona Else i
Gravensteingata som politistasjon. I dag er politikammer og
lensmannskontor samla under eitt tak i det nye og hypermoderne
politihuset i Meierihagen.

På førenamn med kjeltringane
Med dit vart han ikkje, Johan Politimann. Han hadde oppnådd både
høg nok alder og lang nok ansiennitet til å kunna pensjonera seg. Då
passa det bra å lata nye kostar organisera den nye politietaten og det
nye huset slik dei ville med tanke på framtida. Dessutan har han så
mykje han skulle gjort med både eitt og hitt, slik at han endeleg skal
få tida til å gå. Og med ein stadig aukande flokk barnebarn, er han
ein populær hjelpar i så måte. Dessutan har han mykje å ta att på
kjøkenet.
– Ja, no har Elsa laga middag i tretti år, så eg får ta dei tretti neste,
seier Johan, ein politimann dei fleste har vore på førenamn med,
både kjeltringar og ikkje-kjeltringar.
Så har han då ikkje alltid vore like tradisjonell i utøvinga av yrket sitt. I
staden for hard justis og ei natt på minst like hard betong, har mang
ein kar vorte snakka til rette og inn att på den smale sti av Johan. Han
har alltid hatt god kontakt med folk på bygda, og det var ofte slik han
fekk nyss om tjuveri, promillekøyring og andre brot på Noregs Lover.

Overvaka Domusplassen frå loftet
– Det hende ofte eg gjekk bort til personen det gjaldt og sa at no har
me fått inn tips på deg, så no er det best du skjerpar deg. Nesten
alltid hadde dette god effekt, fortel han. I dag er det berre unntaksvis
politifolk kan ordna opp i saker på det viset. Tidene har endra seg
mykje frå då Elsa sat heime og tok imot telefonar om kveldane,
medan politiektemannen var ute i sogndalsgatene og patruljerte med
bil eller til fots. Under dansefestane i Solhov vart det ofte argumentert
med knytta nevar.
– Det kunne ofte vera harde tak. Eg trur ikkje eg overdriv om eg seier
at me ei tid hadde blod på dørklokka vår annakvar helg. Heimen vår
over Gravensteinsgata fungerte som ein politistasjon. Viss nokon
hadde ringt medan eg var ute og patruljerte, trekte Elsa den eine
gardina litt til side. Det var signal om at eg måtte koma heim, fortel
han. Andre utradisjonelle metodar vart også teke i bruk av Johan
Politimann. Frå loftet i det same huset , med fritt utsyn til den gamle,
vidgjetne Domusplassen, ein plass som var reine festplassen på
70- og 80-talet, plasserte han eit filmkamera. Det var før Georg
Apenes og Datatilsynet byrja å leggja strenge restriksjonar på slik
filming. Konfrontert med opptaka til Johan, kunne ikkje han som
hadde urinert oppetter den parkerte bilen nekta lenger.

Henta til Bergen av Brann
Heller ikkje han som hadde slege ned ein hafslobygding, eller han
som hadde raskøyrt gjennom Gravensteinsgata.
– Det var berre nokre få gonger eg brukte kameraet, men folk trudde
det stod på heile tida. Det hadde ein veldig effekt, minnest han. Slik
vart også verstingane i trafikken tekne, lenge før versting-omgrepet
var oppfunne. Kjøpmannsonen kunne rekna, og hadde ikkje vanskar
med multiplisera farten til dei som raskøyrde gjennom gata som er
namnsett etter dei beste epla.
No var det neppe med i pensumet under opplæringstida i Bergen og
Oslo, men fungerte gjorde det like godt. Det var i Bergen han byrja
politikariera si, som aspirant ved politikammeret i 1967. Året etter var
han på plass ved Politiskulen i Oslo, før han vart sendt attende til
vestlandshovudstaden og det obligatoriske pliktåret. I Bergen likte
han seg så godt at han ikkje vende nasen heim før i 1975.
– Eg har mange gode minne frå Bergen, ja, seier han. Då er det ikkje
berre politi-tida han har i tankane. Johan Johannessen frå Sogndal
var faktisk så god med fotballen at han vart lokka til Bergen av
Sportsklubben Brann.

Fotball og skøyter
Frå andre sikre kjelder har me fått vita at han vart betalt ein god sum
rett i lomma for å spela for dei raudkledde. Han vart til og med henta
med sjøfly ved eit høve; Brann hadde fått landslagssjef Willy Kment til
trenar, og han ville sjå denne vidgjetne Johannessen i aksjon.
– Eg hugsar eg gjekk ned Bryggjegota til kaien og folk sa at no er det
vel ein av desse lakselordane som kjem att. Dei trudde ikkje på meg
når eg fortalde dei at det var meg flyet kom for å henta.
Etter Brann-karriera, mellom anna med eit fantastisk mål mot Hødd
på Høddvoll, vart det vel to sesongar i Fana, før han flytte heim til
Sogndal og var med på å spela klubben opp i 2. divisjon og til
cupfinale i 1976.
– Du må få med kva Sunnmørsposten skreiv om målet mitt på
Høddvoll. «Kjempescoring av Johan Johannessen. Hadde ikke nettet
stått i veien, hadde ballen havnet i Skottland».
– Det flottaste målet på Høddvol nokon gong?
– Ja, heilt klart.
Gode prestasjonar på isen høyrer også med til idrettskarriera til
politimannen. Medan han var i militæret i 1963 var han lagkamerat
med legendariske Knut «Kupper'n» Johannessen og Per Willy
«Betong» Guttormsen.
– Det var svært gode miljø for skøyteløp og fotball i Sogndal den
gongen eg vaks opp.

Tagediar tett på livet
– Korleis fekk du tilnamnet Tango-Johan?
– Det var under ein treningsleir ved Sjusjøen, me låg på Nordsæter
fjellstove. Om kvelden var det musikk og dans, men det vart spelt litt
for rask musikk etter min smak. Eg stilte meg bak orkesteret og sa at
no måtte me få ein tango. Då var det gjort.
Visst har han vita å mora seg, politimannen som ikkje tok opp arven
etter far Johannes for å driva Johannessenbui vidare. Men det har
ikkje alltid vore nokon dans på roser å vera politimann i heimbygda.
Han har vore vitne til mange tragediar som sit festa til minnet.
Tragiske ulukker, drap og anna elende.
– Det kunne vera harde tak, ja. Ein del hendingar og ting du har sett
greier du aldri heilt å leggja bak deg. I dag er det vorte mykje meir
fokus på denne delen av politiarbeidet, før måtte ein koma over det
ved eiga hjelp. Då måtte ein berre avreagera på eit eller anna vis,
seier Johan. Hans vis har som regel vore eit spikk mot ein eller fleire
av dei mange gode kameratane og kollegane han har hatt og har.
Som då dei ei natt trilla bilen til den eine av kameratane hans frå Nes
og ned til Hofslund. Om morgonen kom den fortvila bileigaren ned på
lensmannskontoret og melde bilen sin stolen. Kven andre enn Johan
Johannessen sat bak skranken, med pokerfjes og stor omsut for
offeret.

Pakka ut stolen til Nesse
– Eg trur ikkje eg var med på det, men eg visste om kva som hadde
hendt, seier han. Regissør og utøvar var han i alle fall då lensmann
Odd Nesse i Leikanger hadde tinga ein ny kontorstol av det
eksklusive slaget. Stolen kom, og før Nesse hadde fått melding om
det, hadde Johannessen pakka den ut og pakka inn att ein av typen
utsliten og med diverse manglar. Seinare kalla Nesse inn både
Johannessen og andre kollegar for å vera med på den høgtidlege
utpakkinga av nyestolen. Det vart sjølvsagt nedtur for utpakkaren.
– Han tykte ikkje det var nokon god spøk, seier Johan, som sjølv har
hatt mykje moro av den historia.
– Men eg har endeleg fått det sjølv. Ein gong spraya dei tåregass inn
nøkkelholet mitt på kontoret påHermansverk. Det var heilt forferdeleg,
eg greidde nesten ikkje pusta. Ein gong pakka dei heile bilen min inn
i plast der ute, og ein annan gong bar dei den inn mellom nokre
søyler, slik at eg brukte ein heil time på å koma meg ut frå
parkeringskjellaren.
Sjølv om han ikkje lenger er politimann, har han neppe tenkt å slutta
med slik moro heilt enno, det som på godt norsk no heiter practical
jokes.

Nyfiken snytesparkar
Han har ikkje tenkt å gje seg med noko som helst. Tvert om skal han
gjera alt han har fått for lite tid til mykje meir. Som å gå i fjellet, gå på
skøyter, reisa til England og Leeds der kjærasten til yngstedottera
Kari, Eirik Bakke, spelar fotball, laga middag til Elsa, passa
barnebarna Marte (3) og Erik (1), halda ved like dei gamle husa og
butikklokala han eig i Fjøra, ja, kanskje til og med byggja nytt. Studera
lokalhistorie har han óg planar om. No kan han også seia ja kvar
gong når skøytekamerat Tore Sviggum ringjer og spør om han vil
vera med til Vikingskipet på Hamar for å trena.
Men ein ting kjem han til å slita litt med, og det er å halda seg like
oppdatert på siste nytt i bygda og bygdene kring. Som nyfiken
politimann har han visst det meste om det meste, slikt berre politiet
får greie på. No er han på sidelina i så måte, men ikkje utan
meiningar om politiarbeidet og utøvinga av lov og orden.
– Det eg reagerer mest på i så måte er forsvarsadvokatane si altfor
framståande rolle dei siste åra. Eg tykkjer dei altfor ofte går altfor
langt i å forsvara klientane sine. Å få fram sanninga og oppnå rettferd
er kome heilt i bakgrunnen for mange av desse, seier Johan
Johannessen.
Med eit skikkeleg, velretta snytespark.


Les meir om: Nyhende Kultur