Skomakar Linda er klar

– Endeleg! Akkurat det ordet har Linda Brosvik høyrt mange gonger den siste tida. Måndag opnar ho skomakarbutikken sin ved Ølnestorget.

Publisert 14.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 16.26.
I det vesle, fine huset rett attmed Ølnestorget midt i Fjøra har
skomakar Linda stressa fælt på den siste tida, med god hjelp frå far
og bror, for å få gjort om eittromshuset til ein kombinert
skomakarverkstad og butikk. Etter responsen å døma før
opningsdagen måndag, skal ho ikkje verta arbeidslaus med det
første.

Mangelvare
– Det er mange som har stukke hovudet inn døra og sagt at dette var
på tide, seier Linda og ler. Plakaten i vindauga har nemleg fortalt at
skomakaren er på veg; i løpet av kort tid skal skoreperatøren vera
permanent på plass i det koselege huset.
No er den korte tida over – måndag opnar ho verkstaden og butikken
sin. Men for svært mange er det ei lang ventetid som er over:
Skomakarar har det vore lite med i Sogndal dei siste åra. Ein
busskøyrande skomakar, som med jamne og ujamne mellomrom
har gjesta Sogn, har stort sett vore einaste tilbodet. No satsar Linda
Brosvik på å etablera seg som skomakar i bygda, med same
opningstider som nabobutikkane i Fjøra.

Rønsle frå Bergen
Det er ein røynd skomakar som no skal by tenestene sine til
sogndøler og andre sogningar. Linda Brosvik har jobba som
skomakar både ved Kilden Senter på Nordås utanfor Bergen og i
Galleriet midt i sentrum. Ho er fødd og oppvaksen i Bergen, men
med far frå Sogndal har ho vore her kvar einaste sommar, og meir til.
– I Galleriet opplevde eg ofte å få kundar frå Sogn som kom inn midt
på dagen og sa eg måtte vera ferdig til båten gjekk om
ettermiddagen, fortel Brosvik. Ho har fått avtale med dei fleste
skobutikkane i Sogndal, og håpar sjølvsagt at det skal verta rikeleg
med arbeid framover.

Detektivarbeid
– Men det har vore litt av eit slit å få tak i alt utstyret og alle maskinene
som trengs, seier ho. Detektivarbeid over det meste av Vestlandet
har til slutt gjeve resultat. No har ho alt ho treng til å opna verkstaden
og butikken.
– Ein skomakar kan vel fiksa meir enn sko?
– Ja, her er det berre å koma med alt som tenkjast kan i skinn og lær.
Vesker, glidelåsar, lommebøker, hundeband – eg trur det meste skal
lata seg ordna. Ein må i alle fall ikkje vera redd for å spørja, seier
Linda. Ho vil også levera innleggssålar etter mål, og elles alt utstyr
som er å få til å vedlikehalda sko.


Les meir om: Nyhende Kultur