Fartsmaskin klar for haustmarknad

Noko råare har kapt sett sine hjul på norske vegar. Stort nærmare Formel 1 kjem du ikkje enn i ein Ferrari 355 F1 berlinetta.

Publisert 14.10.2000 kl. 07.00. Oppdatert kl. 16.27.
Det vart då også ekstra lang lunsjpause ved Ani-Bil i går. Mekanikarar
og bilseljarar fekk sjå – og ikkje minst høyra – gutedraumen i
brummande live.

Mangla høyrselvern
I dag og i morgon skal den same fartsmaskina profilera pub og hotell
under haustmarknaden i Sognahallen. I staden for å flytta puben opp
i hallen, let hotellvert Atle Lægreid ein sølvgrå Ferrari 355 F1
berlinetta gjera marknadsføringsjobben for Lægreidspuben og
Lægreid Turisthotell. Det vert neppe den minst vitja attraksjonen
under haustmarknaden. I alle fall ikkje om ein skal døma etter
interessa hjå dei Ani-Bil-tilsette.
Dei let arbeid vera arbeid eit kvarter for å nyta synet og lyden av eit
bileksemplar av den heller sjeldne doninga. Høyrselvern burde vore
standardutstyr på ein slik bil. Det er vel også det einaste den
manglar.

200-0 på 2,2 sek
V8-motoren under bakpanseret, forsterka med to turboar, yter kring
550 hestekrefter. 0 til 100 km/t gjer ein unna på under tre sekundar, 0
til 200 på under ti sekund. Den under eitt tonn lette bilen har ein
toppfart på 320 km/t – minst. Å stoppa galskapen tek heller ikkje så
lang tid: Dei blokkeringsfrie bremsane brukar ikkje meir enn 2,2
sekund på å redusera farten frå 200 til null, men då er det nok eit
godt tips å vera godt fastspent i bøttesetet.
Det aller, aller meste av utstyr og maskineri er henta rett frå Michael
Schumacher og Ferrari sin Formel 1-bil. To hendlar på kvar side av
rattet syter for girskifte på null komma niks, både opp og ned.
Clutchinga tek ein avansert computer seg av.

Ikkje for norske vegar
Så er han då heller ikkje laga for noko anna enn høgst mogleg fart,
Ferrari'en bilbutikken La Strada i Oslo har lånt vekk til Lægreid for ei
helg. Visst er den til sals, men då må du bla opp noko i nærleiken av
to millionar kroner for 99-modellen. På kjøpet får du nokon av dei
lekraste linene Piniafarina nokon sinne har designa.
– Eg tenkte det kunne vera kjekt for folk å få sjå ei slik maskin, seier
Atle Lægreid. Den hissige italienaren har vore nytta som løpsbil i
Ferrari sin eigen cup.
Sogn Avis sin utskremde retta seg sjølvsagt etter fartsgrensene då
han fekk prøvekøyra galskapen, men har ein mistanke om at
Ferrari'en trivst betre over enn under 80.


Les meir om: Kultur Nyhende