Heidersmann vitja Kongen

– Det var gildt å vitja Kongen. Han sa han gledde seg til å opne Lærdalstunnelen. Dette seier Odd Njøs frå Leikanger. Tysdag ettermiddag var heidersmannen i audiens på Slottet for å takke monarken for fortenestemedaljen i sølv han mottok i vår.

Publisert 11.10.2000 kl. 23.00. Oppdatert kl. 16.31.
Tysdag middag gjekk kulturmannen og læraren Odd Njøs (69) opp Slottsbakken i Oslo. Han kom saman med eit tjuetals andre som kom for å takke Kong Harald for medaljen han mottok tidlegare i vår. Njøs fekk
fortenestemedaljen i sølv for 44 år som lærar i grunnskolen, og for ein omfattande innsats for kulturlivet i Leikanger og Sogn og Fjordane.
Den kjende lyrikaren, mannskordirigenten, kåsøren og organisten pensjonerte seg i 1996.

Glad i Lærdalselva
Odd Njøs bukka djupt då han helsa på Kong Harald. Statssjefen vår tok seg
også tid til å småsnakke med alle gjestene sine.
– Kongen spurte alle om kva verksemder dei hadde utretta i livet. Sjølv sa eg at eg hadde jobba i skulen, og laga nokre bøker med sognestubbar. Kongen tok seg god tid, og kom sjølv inn kor godt han likar seg i Sogn. Vi kom inn på Lærdalselva, som i mange år var ei monarken sine favorittelver. Regenten vår var godt orientert om både Gyrodaktilus og Rotenon, og var uroleg for framtida for lakseeleva, fortel Njøs.
– Har du møtt Kongen før?
– Nei, eg har ikkje ferdast i slike krinsar veit du. Difor var det ekstra gildt å få oppleva han på nært hald og slik få takka han for medaljen.

Skal opne tunnelen
I samtalen med Odd Njøs kom Kong Harald også inn på Lærdalstunnelen.
Monarken fortalde at han gledde seg til å dra til Sogn for å stå for den offisielle opninga av den lengste tunnelen i Nord-Europa.
Før heidersmannen fekk ta statssjefen i handa fekk han ta del i ei omvising på Slottet. Det var Kong Karl Johan som i 1825 starta bygginga av nasjonalmonumentet på Bellevyhøyden i hovudstaden. Det tok 24 år før byggverket stod ferdig, og Kong Oscar den I kunne flytte inn. I sumar var Slottet for første gong opna for publikum. Informasjonssjef Wenche Rasch på
Slottet opplyser at kring 30.000 menneske var innom. Utfordringa for Kongen, Dronninga og staben deira er at ei så stor tilstrøyming av menneske fører til stor slitasje i bygget. Kongehuset vurderer no om denne ordninga skal halde fram også til neste år.


Les meir om: Nyhende Kultur