Tryggare mørketid for små trafikantar

Edvard Leirdal frå Statkraft var julenisse i oktober og delte ut ein flott refleksvest til kvar av dei 23 førsteklassingane ved Gaupne skule.

Publisert 11.10.2000 kl. 00.01. Oppdatert kl. 16.32.
Heilt trygt for små, mjuke trafikantar vert vel aldri trafikken, men i alle fall ein heil del tryggare med refleksvestane frå Edvard og Statkraft.

Viser att
– Me i Statkraft vart spurde om å sponsa dykk med slike vestar, nett som med dei store idrettsstjernene. Det sa me ja til og difor står det Statkraft på vestane, sa Edvard Leirdal til dei ferske førsteklassingane. I haust har dei hatt sitt første møte med skulevegen, ei komplisert og farleg verd som nok kan vera vanskeleg å forstå. Mange hevdar at 6-åringane er altfor små til å sleppast ut åleine i trafikken.
– Det viktigaste for oss i Statkraft er ikkje at de reklamerer for oss når de går med vestane, men at dei som køyrer bil kan sjå dykk. Det er viktig at de viser godt att ute i trafikken, og det gjer de med desse vestane, sa Leirdal til dei 23 som har starta skulekarriera si i Gaupne denne hausten.

Vest til alle
Også alle dei andre førsteklassingane i Luster kommune skal få kvar sin sjølvlysande vest frå kraftselskapet. Til saman er det kring 80 førsteklassingar i heile kommunen.
– Saman med vesten får de også eit skriv som fortel om dei viktigaste trafikkreglane. De har kanskje snakka litt om dei reglane her på skulen, spurde Edvard Leirdal og fekk mange stadfestande svar i retur. Frå 6- og 7-åringane og dei to lærarane deira, Alvhild Bøen og Arve Røneid.


Les meir om: Kultur Nyhende