Spanderte billettar for 8000,- på dei tilsette

Botnskrapte Sogndal kommune løyvde 20 000 kroner til ein konsert med Bergen Filharmoniske Orkester i Sogndal sist fredag. I tillegg spanderte dei 38 billettar på sine tilsette.

Publisert 11.10.2000 kl. 00.01. Oppdatert kl. 16.32.
Det betyr eit kommunalt utlegg på om lag 28 000 kroner – for ein konsert. Men før konserten hadde kommunebyråkratane også fått ein betre middag – på kommunen si rekning.
– Tullprat! svarar ein tydeleg irritert ordførar Jarle Skartun på spørsmål frå Sogn Avis om ikkje kommunen her har vore i overkant romslege med sine eigne.

Frivillig arbeid
Skartun hevdar at desse to forholda ikkje har noko med kvarandre å gjere, og viser til at konsertløyvinga på 20 000 kroner går av posten frie midlar på kulturbudsjettet.
At dei kommunalt tilsette også fekk gratisbillettar til det same arrangementet forklarer ordføraren slik:
– Dette var ei påskjønning frå kommunen si side – som kompensasjon for det frivillige arbeidet folk har lagt ned i samband med omorganiseringa. Slik sett kunne dei tilsette like gjerne fått billettar til Vinskvetten kvelden i forvegen, seier han.
– Kva for post kom desse pengane frå?
– Dette er midlar frå omorganiseringsbudsjettet – som totalt utgjer 500 000 kroner, opplyser Skartun.

– Flott initiativ
Leiaren for Kommuneforbundet i Sogndal, Per Roar Pettersen, bekreftar overfor Sogn Avis at dei tilsette aldri blei spurt om dei ønskte denne forma for oppgjer.
– Nei, og det ser eg heller ingen grunn til. Tvert imot synest eg dette var eit flott initiativ, med både middag og konsert –
– alt saman på kommunen si rekning. Eg hadde dessverre ikkje høve til å vere med sjølv, men tilbakemeldingane eg har fått er eintydig positive, seier Pettersen, som også understrekar at evenementet var ein takk frå Sogndal kommune for den jobben mange har gjort delvis på fritida.

I arbeidstida
Pettersen er også dei tilsette sin representant i den prosjektgruppa som blei påspandert konsert og middag sist fredag:
– Men eg vil gjerne få leggje til at prisen på dette arrangementet langt ifrå overskrid verdien av den frivillige innsatsen dei involverte har lagt ned.
– Kor mange timar er det snakk om?
– Nei det har eg ikkje oversikt over. Mange har rett nok jobba med dette i arbeidstida, andre har nytta fritida si.
– Men likevel kan du slå fast at differansen mellom denne forma for godtgjersle og den faktisk nedlagde arbeidsinnsats er særs stor?
– Ja, det kan det ikkje vere nokon tvil om, seier Pettersen til Sogn Avis.


Les meir om: Nyhende Kultur