Knallharde økter for modne damer

– No har vi fått kjempetrim. Gubbanoa! Kroppen er sveitt frå topp til tå, seier Jofrid Rogne etter eit par timar med afrikanske rytmar.

Publisert 09.10.2000 kl. 15.52. Oppdatert kl. 16.35.
Jofrid vart minst like sveitt etter lunchpausen på Helgheim.
Solo Karem spara verken på volum eller rytme då åtte damer i Sogndal lærde seg nye trinn. Det var godt modne damer som meldte seg på kurset i regi Helgheim folkehøgskule.

Blyge mannfolk
Tenåringane mangla altså, likeins dei i 20-åra. Judith Nyløy var yngst med sine 38 år, flesteparten var ganske sikkert nokre-og femti.
Solo er ekspert på dans og trommer. Ghanesaren reiser land og strand og underviser i rytmer og steg. Det har han gjort i 25 år, siste 12 i Norge.
I Sogndal var kjønnsfordeling ikkje noko unntak. – Eg trur nordmenn er litt blyge av seg. At mannfolka ikkje blir med på slike kurs, er heilt vanleg her i landet. Dei er redde for å dumme seg ut, erfarer Karem.
I går underviste han høgskulestudentar.

Dyktige
Kurset på folkehøgskulen begynte med teori fredag. Damene pesa seg i to økter laurdag og fekk kvilepulsen tilbake over ein tallerk blomkålsuppe.
– Damene i Sogn har rytme i kroppen?
– Ja, ja. Ganske bra, seier Solo og forstår at han må hente seg inn ein smule. – Det er imponerande å sjå på dei.
Afrikanske rytmar og dans fascinerer Judith Nyløy. – Dette er første gongen eg får med meg eit slikt. Herleg! For min del kunne eg tenkt meg eit påbyggingskurs. Det kjekke med denne dansen er at du får brukar så mykje av kroppen, seier Judith.
– Du er flink?
– Kjempeflink.
Damene svingar opp latterdøra og tørkar vekk eit par sveitteperler som heng att i panna.

Knallhardt
Jofrid Rogne er med i Sogndal spel- og dansarlag og erfarer at grunnlaget er det same i all slags folkedans.
– Denne samlinga er knallhard. Men vi hentar oss inn att med kjappe pausar i gymsalen, seier ho.
Solo Karem lærte bor fleire stilartar – brasilianske, karibiske og litt frå sitt eige kontinent. Heime i Afrika finst 1000-vis av stilartar.

Fleire kurs
Sogndal Folkehøgskule vil avvikle fleire kurs a la dansekurset.
I haust blir kurset i astronomi neste tilbod, dessutan blir det to fotokurs i samarbeid med Studentsamskipnaden.
Argentinsk tango, orientalsk dans og magedans er slett ikkje uaktuelle emne.


Les meir om: Nyhende Kultur