Wap-meister i Sogn

Han er nærmast for Wap-meister i Sogn å rekne, Jan Erik Bjørk frå Kaupanger.

Publisert 09.10.2000 kl. 15.54. Oppdatert kl. 16.35.
Saman med studentane Åge Ingvar Winsjansen og Ragnhild Elin Aas ved HSF, sikra han den imponerande karakteren 1.5 på ei prosjektoppgåva om Wap-teknologi i Sogn og Fjordane.
Same oppgåva – som talde 5 vekttal av IT-studiet – blei også kåra til beste it-prosjekt ved HSF for år 2000, under eit møte arrangert av IT-forum i Loen nyleg.

Melding om Svanvik
– Men om vi ser bort ifrå det reint faglege her, Bjørk. Kan du forklare kva for praktisk nytte dette systemet skulle ha i Sogn?
– Ja. Ein kikk på kartet fortel at regionen – det vere seg både private og næringslivet – er avhengig av ei rekkje ulike rutetilbod. Med dagens system vil det vere ei enkel oppgåve å oppdatere alle wap-abonnentar på forseinkingar eller kanselleringar.
– Korleis då?
– Nei, sett no at til dømes Svanvik går på grunn. Då kunne ein tenkje seg at abonnentar til Fylkesbåtane blei oppringt på wap-telefonen sin, og meddelt via ei tekstmelding om kva som var skjedd, kor lang forseinkinga blir, og om alternative reiseruter.
Men eigentleg er bare fantasien som set grenser for korleis denne teknologien kan utnyttast, seier Bjørk.

Forsvinn til Oslo
Avhandlinga han leverte saman med dei to andre studentan har mykje til felles med oppdragsforsking. For her var problemstillinga drøfta inngåande med IBM, Sogndal i forkant, forstår vi:
– Ja, det er riktig. Men derifrå og ut stod vi sjølvsagt heilt fritt, understreker Bjørk, som samstundes framhever verdien av samarbeidet med det lokale næringslivet:
– Ja, og problemet har vel snarare vore motsett. Og skulle eg få kome med eit hjartesukk så meiner eg at nettopp it-utdanninga i enda større grad burde profilere seg mot verksemder i regionen.
Bjørk etterlyser derfor praksis-plassar for dei som tek denne utdanninga ved høgskulen:
– Etter mitt syn er det eit tankekors at dei fleste som tek denne utdanning forsvinn til Oslo så snart dei er ferdige. Men sånn treng det jo ikkje å vere, hevdar Bjørk.


Les meir om: Kultur Nyhende