Bergen Filharmoniske Orkester i Kulturhuset

Kulturhuset i Sogndal har etter kvart byrja å få fleire store namn på gjestelista, men det skal kanskje ein god del til for å overgå Bergen Filharmoniske orkester som fortrylla sogningane fredag.

Publisert 08.10.2000 kl. 23.03. Oppdatert kl. 16.37.
Det er altså ingen kven som helst ein her har med å gjere. «Harmonien» rundar nemleg den særs respektable alder av 235 år i Kulturbyåret, og feirar dette mellom anna med turné mellom vestnorske fjell og fjordar no i oktober. Sogndal var staden fredag, medan Førdehuset stod for tur laurdag. Dernest gjekk turen vidare til Ålesund.

Ikkje til Lærdal?
Kanskje burde Lærdal på andre sida av fjorden vore ein aktuell spelestad med tanke på at opningsnummeret på jubileumskonserten var Kjempeviseslåtten av Harald Sæverud. Det er nemleg viden kjend at komponisten fekk ideen til opningspartiet over seg då han vitja nettopp Lærdal i 1943. Historia seier at Sæverud hadde vore ein tur i hovudstaden under krigen, og valde den omstendelege vegen med buss og båt om Lærdal for å sleppe å dele togkupé med representantar for okkupasjonsmakta på vegen heim.

Surrogat for bannord
Det fortalt at turen gjekk gjennom storslagen norsk natur, og at det var lite som minna han om dei sørgjelege krigstilhøva før bussen kraup nedover Lærdal, der tyskarbrakkene låg tett i tett oppetter skråningane. Ved eit seinare høva sa Sæverud at røyndommen nærast velta innover han og utløyste nærast ein eksplosjon. Ettersom banning slett ikkje var ein del av hans barnelærdom, var kan hende temaet for det som seinare skulle verte Kjempeviseslåtten eit slags surrogat for dei fæle uttrykka einkvar som ikkje hadde hans fantastiske musikalske evner ville ha nytta.
- Det velta fram i meg som ein ed, sa han seinare.

Var ikkje god nok
Neste perle på programmet i Sogndal var i alle høve «Konsert for fiolin og orkester» av Jean Sibelius. Om dette vert det sagt at komponisten «skreiv konserten til seg sjølv, eller snarare til den virtuosen han hadde drøymt om å bli. han hadde imidlertid ikkje det som skulle til for å beherske fiolinen til fulle, men identifiserte seg i staden med solisten i sin eigen fantasi. Dette kan kanskje vere forklaringa på den romantiske intensiteten og nostalgiske stemninga i konserten», heiter det.
Kanskje var det ein musikar av Henning Kraggerud sitt kaliber Sibelius hadde i tankane då konserten vart til? Ein treng i alle høve ikkje doktorgrad i noko som helst for å forstå at Kraggerud er ein særs, særs dyktig fiolinist, noko merittlista hans tydeleg svarar til.

Mållaust
I 1992 vart han kåra til Årets Debutant og har sidan spela saman med den verdskjende pianisten Leif Ove Andsnes på dei fleste store vidgjetne scener i Europa, i tillegg til at han har halde konsertar med fleire andre store namna innan klassisk musikk både i USA, Brasil og i meir eksotiske austlege strøk. Tre plateinnspelingar har han óg gjort unna før han fredag altså stod på scena i Sogndal Kulturhus framføre eit mållaust publikum som må ha tald opp i mot 200.

Frysningar
Siste post på programmet denne gongen var Beethoven sin femte - eller Lagnadssymfonien, som det heiter på godt norsk. den treng sjølvsagt ingen nærare presentasjon, og er tydeleg eit så klassisk verk at sjefdirigent Simone Young, og for øvrig snart skal ta til i stillinga som kunstnerisk leiar for opraen i Sydney, her legg vekk heile partituret og leiar sin «Harmoni» gjennom det heile på frihand. Det er truleg ikkje berre lokalpressa som har tårer i augo og frysningar på ryggen under denne sekvensen - det vitnar bifallet frå sogndalspublikumet i etterkant kraftig om.
Dei let nemleg ikkje sjansen gå i frå seg når dei fyrst har han, og «Harmonien» lyt pent servere to ekstranummer før applausen omsider legg seg. Grieg sin «Morgenstemning» gjer ikkje noko mindre inntrykk på nokon enn noko anna - det er i alle høve sikkert.

Nedtur
Kveldens desidert største nedtur kjem derimot som ein sterk kontrast til dei overveldande musikalske prestasjonane som for fyrste gong vert vist på ei sognescene. Lokalpressa sin utsending trassar nemleg umedvite fotoforbodet og gjev seg til å forevige denne historiske hendinga med Canonkamera og blitz. To små lysglimt medfører mellom anna fullt fortent grimme blikk frå fyrstefiolinisten og kapellmeistaren, i tillegg til at dei fire tilhøyrarane fremst i salen truleg får heile kvelden øydelagd. Etter deira utsegn bør lokalpressa på ingen måte vise seg ved slike høve utan langt meir dannelse, folkeskikk og teft for finkultur enn det som vert synt her.
Sogn Avis sin utsending tek i høg grad sjølvkritikk for hendinga, som på ingen måte skuldast mangel på vyrnad for dei kunstneriske prestasjonar eller den omtala folkeskikken. Derimot er truleg manglande røynsler med dekning av liknande arrangement i Sogndal kulturhus mykje av årsaka, og ikkje minst det at ein før konserten fekk klarsignal frå arrangøren om at det her ikkje var fotoforbod. Orsak.


Les meir om: Nyhende Kultur