Seminar med spreke kast og slåttespel

Det vert mange spreke kast og lystige låtar når folkemusikklaget inviterer til seminar i parhalling og lausdans.

Publisert 08.10.2000 kl. 23.05. Oppdatert kl. 16.37.
Tema for seminaret er hallingtradisjonane, både parhalling og lausdans på i spel og dans har lang tradisjon på Vestlandet. Dei som melder seg på seminaret vil få både teori og praksis. Sogn og Fjordane folkemusikklag og Hordaland folkemusikklag står bak seminaret 4. og 5. november på Hafslo.

Dyktige læremeistrar
:– Parhalling og lausdans er dansa mykje her i fylket, og seminaret er både for spel på hardingfele og toradar, seier Kjell Berge i Sogn og Fjordane folkemusikklag, og lokkar med dyktige læremeistrar på seminaret.

Samspel
:Jan Petter Blom er professor kan mykje folkemusikk og folkedans. Han vil setja dans og spel inn i tradisjon.
– Blom vil ta for seg variantar og tradisjonane, og kor viktig samspelet mellom dansar og spelemenn er, fortel Berge.

Tradisjon
– Eit tradisjonsseminar, seier Berge om kurset. Det er fjerde året dei har felles kurs med Hordaland folkemusikklag.
Seminaret er tenkt for folk som har dansa litt og som er interessert i bygdedans og slåttespel. Det vert òg høve for bygdefolk og andre i distriktet til å oppleva dei kjende instruktørane og kursdeltakarane i konsert og dans.

Elitedansarar
Parhallingen er det elitedansarane Kirsten Friis og Vidar Undseth som skal læra vekk. Undseth, er ein av toppane i landet når det gjeld dans. Han er også fylkesmusikar og kan dra opp ein slått på fela om det trengst. Martin Myhr er ein av toppane i landet når det gjeld lausdans, og vil nok ha mange tips å læra bort til spreke jenter og gutar som vil læra å dansa halling.

Dansespelemenn
Musikarar som er rekna for å vera svært gode dansespelemenn stiller også opp.
Egil Syversbråten er frå Hemsedal, men bur her i fylket, skal vera instruktør og spelemann på hardingfele saman med fylkesmusikarane Sigmund Eikås og Harald Hesjevoll. Arne Sølvberg frå Stryn er med som instruktør.

Unik sjanse
I Hallingdal er det tradisjon for å spela halling på toradar, og Ole Stave frå Ål meistrar dette godt. Det er ikkje så mange toradarspelemenn som spelar slåttar på instrumentet sitt. Så her er det ein unik sjanse å få læra noko nytt. Og spelar de godt kan det tenkjast at læremeisteren sprett opp og tek ein lausdans, for han kan det òg.


Les meir om: Kultur Nyhende