Fabel på vegen att

Fabel har lagt bak seg ein lang ferie. No startar arbeidet med å driva misjonsarbeid for musikken sin att. Første stogg på turnéen er Torgloftet i Årdal på onsdag. Dagen etter står Meieriet i Sogndal på programmet.

Publisert 06.10.2000 kl. 16.39. Oppdatert kl. 16.39.
Sidan går det slag i slag. Den førebelse turnéplanen omfattar større byar i Sør-Noreg og ein del stader i heimfylket.

Gamalt og nytt
Gruppa på fem har tre album, og eit knippe nye låtar i turné-bagasjen.
– Dei nye settlistene vil innehalda mange element frå ein vellukka laurdagskveld, opplyser gruppa.
Med andre ord vel Fabel denne gongen å gje melankolien ei underordna rolle. Likevel vert det sjølvsagt óg i god gamal Fabel-tradisjon høve til å møta den angrande og stille sundagen i konsertform.

Ny plate
Fabel har tidlegare blitt nominert til «Spelemannsprisen"», og har ved to høve fått utgjevingane sine kåra til «Årets Beste Norskspråklige Album» av NRK P1. Radiofolket sin omfamnelse av gruppa har ôg ført til plasseringar på «Norsktoppen» og på Dagbladet si «Hit-40 liste». Kritikkane i pressa har jamt over vore strålande. Spesielt har den siste utgjevinga «Det e musikk» hausta mange lovord.
No er ei ny plate i støypeskeia. I følgje gruppa er målet å få plata ut på marknaden på seinsommaren 2001.

- Skrivearbeidet er i full gang, og det nye låtmaterialet peikar mot eit frekkare og meir fandenivoldsk Fabel. Fabel har framleis same kropp og andlet, men lynne er annleis.

Turnelista
Slik har Fabel lagt opp løpet i oktober:

Onsdag.11.okt. Torgloftet i Årdal
Tors.12.okt. Meieriet i Sogndal
Fre.13.okt. Rick’s i Bergen
Laur.14.okt. Rick’s i Bergen
Mån.16.okt. Cafe Columba i Bergen
Tys.17.okt. Allhuset I Eikefjord
Ons.18.okt. Treskeværket i Førde
Tors.19.okt. Firda VGS. på Sandane
Tors.19.okt. Gloppen Hotell på Sandane
Fre.20.okt. Svelgen Hotell i Svelgen
Laur.21.okt. Øren Hotell i Høyanger.
Tys.24.okt. Smuget i Oslo
Ons.25.okt. Glenghuset i Sarpsborg
Fre.27.okt. Promenaden i Sandefjord.


Les meir om: Nyhende Kultur