Røff «sjøstjerne» tok musikknorge med storm

– Langs skutesida ula Skagerakvinden. På scenen inne på danskebåten tok Gry Hege Melås (23) musikknorge med storm.

Publisert 06.10.2000 kl. 16.41. Oppdatert kl. 16.39.
Leikanger-jenta feia all motstand til side i den prestisjefylte talentkonkurransen «Sjøstjerner» og stakk av med alle prisar som var å oppdrive.

Rubbel og bit
– Heilt fantastisk. Dette vil eg hugse så lenge eg lever, seier Gry Hege Melås etter det ho kallar for musikkeventyret natt til onsdag.
Med P4 lyarane føre radioane, og eit stort oppbod frå musikkbransjen, underhaldningsbransjen og reklamebransjen i salen, entra Systrondsjenta scenen og song seg inn i alle hjarter, og til to høgthengande prisar.
– Eg visste eg var favoritt på innringinga på P4, men då også fagjuryen hadde meg som vinnar vart eg berre heilt mållaus, seier Gry Hege Melås.

Personleg uttrykk
Musikkarriera starta heime på Hermansverk, og det var samarbeidet med Tor Talle, både på tekst og vokal, som fekk snøballen til å rulle. Ho var sentral i lokale musikalar, og gav ut sin første CD saman med gruppa Utopia. Denne veka tok ho seg fri frå medisinstudiet for å stå på eigne musikkbein i talentkonkurransen som Stena Line og promotorselskapet Nama står bak, godt alliert med P4.
– Mange samanliknar kanskje «Sjøstjerner» med TV2-satsinga «Stjerner i sikte», men det er ein vesensforskjell her. I denne konkurransen er det ikkje etterlikningar som tel. Her er det personleg uttrykk og røyst det handlar om, seier Gry Hege Melås.

Etter den innleiande runden med 350 innsende demoar, plukka juryen ut 16 som gjekk vidare til semifinale.
– Vi måtte velje to låtar, seier Gry Hege, som sjølv satsa på å nå finalen med ein unplugged versjon av Alanis Morrisette. I den store finalen valde ho i tillegg ein låt frå den lokale oppsetjinga Commitments, som ho hadde arrangert tilpassa bandet på båten. Og det svinga, heilt til topps i konkurransen.
– Det var nesten for gale at eg skulle reise med begge prisane med så sterk konkurranse. Dette var skikkeleg stort, nesten uverkeleg, seier medisinarstudenten.

– Opp til meg sjølv
Og no får musikarkarriera eit nytt løft?
– Kanskje det, men ein har ingen garantiar. Det blir opp til meg sjølv, seier Gry Hege, som har begge beina planta godt på bakken.
– Konkurransen er eit utstillingsvindauga, og folk i bransjen kjenner nok att namna til oss som var med i finalen. Dette var som å gå inn i eventyret, og så rett ut att, seier ho, som i går var attende på lesesalen i Trondheim vel vitande om at talentkonkurransen hadde gitt henne nye bransjekontaktar, ein gåvesjekk til ein verdi av 11.000 kroner og kontrakt på innspeling av ein demo.

Ei ære
Og no blir det musikk for alle penga?
– Det er litt opp til meg sjølv. Gir ein alt går det gjerne vegen, men eg kastar ikkje alt over bord for dette, seier
Gry Hege Melås, og legg til:
– Det var kjempemoro å få vere med på konkurransen, og ei ære å bli kåra som vinnar, både blant P4-lyarane og fagjuryen.


Les meir om: Nyhende Kultur