Nedtur for reiselivet

Lekkasjane om moms på reiselivstenester vart stadfesta då regjeringa i går la fram utkastet til statsbudsjett.

Publisert 04.10.2000 kl. 16.07. Oppdatert kl. 16.40.
Sjølv om det vert lagt opp til fritak på inngåande moms, vil 12 pst likevel ramma ei utsett næring hardt. Og det gjeld spesielt i distriktsfylka der trafikken i vesentleg grad er basert på ferie- og fritidsreiser.
Reiselivsbedriftene i distrikta slit allereie med låg inntening og liten eigenkapital. Moms på næringa vil forverra situasjonen og pressa marginane ytterlegare.

Dei som kjem rimeleg bra ut av regjeringa sitt moms-påfunn er m.a. byhotella, som i stor grad lever på forretningsreiser. Så lenge desse kundegruppene får dra frå momsen på sine utgifter vil det bli til å leva med.

Det vil bli langt verre for reiselivsbedriftene i distrikta med hovudvekt av ferie- og fritidsgjester. Skal dei henta inn dei auka kostnadene på gjestene sine, vil det gje auka prisar. Sett i høve til at Noreg allereie er opppfatta som eit dyrt land å feriera i, vil prispåslag svekka næringa si konkurranseevne. Det kan vera nok til å avvisa trafikk, med dei konsekvensane det kan få for ein bransje som allereie er pressa.

Dette er alvorleg nok for innanlandstrafikken, men truleg meir alvorleg for den omfattande utanlandstrafikken. Utanlandske turoperatørar vil ikkje utan vidare godta eit større prishopp i ein marknad som allereie er kjend for å ha høge prisar samanlikna med andre reisemål i Europa. Støttar regjeringa seg på at Noreg er så attraktivt at produktet toler å bli prisa opp, er det jamgodt med å senda næringa ut i sjansesiglas.

Det blir sjølvsagt ikkje betre når ein tek omsyn til andre effektar som ligg inne i statsbudsjettet. Sokalla konjunkturavgift gjev eit påslag på 1,5 pst. Og på toppen kjem moms på reiser, som kan slå ut med så mykje som 10 pst på reisene. Det heller vil ikkje bli utan effekt for næringa.

Reiselivsnæringa har ikkje forventa at dei for all framtid skulle bli skåna for moms på sine tenester. Men det er eit stykke frå det og ta alt i ein jafs.

Det er alt anna enn uskjøneleg at næringa samlar seg om ein kraftig protest.
Den må det politiske nivået vera lydhøyr for når dei blir konfrontert med konsekvensane.


Les meir om: Nyhende