Blues for liten og stor i Solhov

Laurdag ettermiddag inviterer Sogndal bluesklubb til «familie-blues» i Solhov.

Publisert 04.10.2000 kl. 16.12. Oppdatert kl. 16.40.
– Barn og foreldre er velkomne til eit par-tre timar med musikkverkstad, seier formann i bluesklubben, Heidi Fossnes Helle. – Om du kan spela er ikkje så nøye. Ta med eit instrument eller kom utan. I løpet av eit par-tre timar skal ungane få oppleva svingande bluesmusikk og også sjølv få vera med å spela og syngja, lovar ho. Eit bluesband med utspring i klubben skal syta for opplæring og moro.

Rytmisk musikk for store og små
Aktiviteten til Sogndal bluesklubb handlar framfor alt om å stella til tilstellingar for vaksne tilhengjarar av bluesmusikk. Men no snur klubben litt på flisa.
– Fleire av medlemmane i klubben har etterlyst eit arrangement der me dreg med ungane. Dette er eit forsøk på å få dette til, seier Heidi. Ho understrekar at bluesmusikken egnar seg framifrå for born. – Musikken er rytmisk og går gjerne etter eit mønster som er lett å kjenna att. Det er musikk å dansa til, å syngja til og til berre å ha det moro, legg Heidi til. Ho seier at ein i denne omgang framfor alt tenkjer seg born opp til 12-13 år.
– Ta gjerne med eit instrument. Det kan vera ein gitar, eit rytmeinstrument, eit munnspel, ein trompet eller kva som helst. Me skal laga eit opplegg der alle kan ha det moro, seier Heidi.

Rutebilstasjonen og Gunnar Yttri
Ungdomsklubben i Sogndal samarbeider med bluesklubben om tilstellinga. I tillegg vil dei unge lokale talenta i Rutebilstasjonen demonstrera korleis bandmusikk kan låta. Eit bluesband med Gunnar Yttri (kjent frå Billa and the Kid og fjorårets bluesprisvinnar) i spissen vil syta for demonstrasjon og opplæring i bluesmusikk.

– Opplegget vert slik at me har ei felles samling først i den gamle kinosalen. Etterpå spreier me born og foreldre på ulike blues-stasjonar. Avslutningsvis samlast me til eit kjempeorkester. Dette gler me oss til, seier Heidi Fossnes Helle som vonar born og foreldre tek turen til gamle ærverdige Solhov på laurdag.


Les meir om: Nyhende Kultur