Skal kartleggja om dei har helsefarleg radon

Målefilmar for radon skal plasserast i barnehagane og skulane. I tillegg skal dei ut ha målingar i bustadhus rundt om i heile kommunen.

Publisert 04.10.2000 kl. 16.15. Oppdatert kl. 16.40.
– Radongass er ein helsefare dersom målingane er for høge. Det er verre enn å røyka, seier avdelingsingeniør Arild Henjum i Leikanger kommune.
Statens stålevern står bak tiltaket med å kartleggja om det er for høg utskiljing av radioaktive radongassar i kommunane i landet.

To i Sogn
Måleboksar for radongass skal plasserast i 80 bustadhus i Leikanger. Radon er ein gass heng saman med berg- og jordmonet.
Her i fylket er elles kommunane Hyllestad, Lærdal, Gaular og Gloppen kommunar tekne ut til å vera med på prosjektet.

Melda seg
– Kan bygdefolk melda seg på for å vera med i prosjektet?
– Dei må berre ta kontakt dei som vil vera med på prosjektet, men eg torer ikkje lova at alle som ynskjer det får vera med. Førebels er det klart at barnehagane og skulane skal vera med på prosjektet. Dette for å sikra oss at det er ingen fare der. For oss er det viktig å få ei spreidd utplassering i heile kommune, nye som gamle hus, seier Henjum.

Dårleg kartlagd
– Eg trur ikkje det er spesiell stor fare for radongassar i Leikanger, men det er dårleg kartlagd til no. Me er pålagd å sjekka om det er for høge radonmålingar i grunnen etter plan- og byggjelova. Difor melde kommunen seg interessert i å vera med på dette statlege prosjektet, og det er eit gratis å vera med på, seier Henjum.
– Kva om det skulle visa seg at utskiljing av radon er for høg?
– Skulle det vera tilfelle, vil dei det gjeld få tiltak om tilbod. Det kan vera t. d. å installera vifte eller tetting.

To månader
Når dei måler kor store mengder radon det er i grunnen, bruker dei becquerel. Statens strålevern har sett ei grense for kor mykje radongass det er pr. kubikkmeter.
Frå 10. januar til 10. mars skal dei måla kor høge verdiar av radongass det kan vera i kommunane rundt om i landet. I alt 116 kommunar i heile landet er valde ut til prosjektet.


Les meir om: Nyhende