Lokkar med gunstig lån

Fresvik Produkt lokkar med 100.000 kroner rett i lomma til nye tilsette. Men suksessbedrifta stiller krav. Vedkommande må etablere seg i bygda.

Publisert 04.10.2000 kl. 16.17. Oppdatert kl. 16.40.
Fresvik Produkt AS yter eit rente- og avdragsfritt lån dei 10 første åra. Dei 10 neste vert summen årleg nedskriven med ein tiandepart.
Den nye ordninga gjeld for nytilsette som vil etablere seg i Fresvik og tilsette som i dag enten leiger husvære i bygda eller bur utanfor skulekrinsen.

Vil trygge framtida
– Styrevedtaket inngår som ein del av vår langsiktige strategi. Ei av utfordringane er å sikre oss ei trygg og stabil arbeidskraft, seier direktør Ingvar Vangsnes.
I dag er 20 prosent av arbeidsstokken pendlarar. – Vi må ty til lokkemiddel for å få fleire arbeidstakarar til å etablere seg i bygda, elles vil andelen med pendlarar sannsynlegvis auke ytterlegare. Difor har styret sagt ja til den nye tilskotsordninga.
– Vedtaket er bra greier, seier Arnstein Grindedal.
Likevel vil han ikkje love at den er god nok til å kunne lokke ein feiosing til å slå seg ned i Fresvik.
– Eg er berre 22 år og har nok av tid til å finne ut kor eg vil slå rot. No bur eg på hybel her i Fresvik, men ser ikkje vekk i frå at eg flytte ei lita mil utover i fjorden, seier feiosingen.

På barrikaden
Fresvik, ein utkant i utkantkommunen Vik, er på mange måtar ei bygd som blir klemd mellom to partar; kommunen på den eine sida og fylkeskommunen på den andre.

Bygdefolket blir pressa opp på minst to barrikadar. Både skule og barnehage er båe institusjonar som tidvis er utsette når lokale politikarar skal hente inn millionar på drift.

No vil fylkespolitikarane ta Flåmsekspressen. Men fresvikjen gir seg ikkje uten kamp.


Les meir om: Nyhende