Tre av fem lækjarar i Årdal sluttar

I Årdal kommune er det i dag fem lækjarar i praksis. To av dei sluttar ved nyåret, medan ein forlet bygda i midten av januar. -Det kan verte tøft, seier helsesjef Jan Kopperud til Sogn Avis.

Publisert 04.10.2000 kl. 16.17. Oppdatert kl. 16.40.
Det skal neimen ikkje vere enkelt. Best som ein kanskje skulle tru at den tilsynelatande evigvarande kabalen av helsepersonell i bygda skulle gå nesten heilt opp, takkar tre av dei fem lækjarane i kommunen for seg og forlet bygda.

To att
Det har i lengre tid vore kjend at lækjarane Mårten Ericsson og Kristina Källgren har sagt opp sine stillingar med verknad frå fyrste januar. Ting tyder no på at også lækjar Parveen Chopra har sagt opp si stilling, noko helsesjef i Årdal kommune, Jan Kopperud stadfestar overfor Sogn Avis.
–Jau, det stemmer. Doktor Chopra avsluttar sitt virke her i Årdal i midten av januar neste år, seier han.

Beklageleg
Dermed vil det altså berre vere doktor Karin Møller og doktor Holger Kette att av dei faste lækjarane bygda har hatt dei siste åra, ettersom det per i dag ikkje er tilsett nye lækjarar i dei tre ledige stillingane. Dette er sjølvsagt særs beklageleg, og kan i verste fall få store konsekvensar for liv og helse dersom det ikkje vert funne erstatningar.
-Absolutt særs beklageleg. Det kan verte tøft for dei to som er att, seier helsesjefen - men strekar under at det har vore jobba med problemstillinga i lengre tid, og at det godt kan sjå ut som om ei løysing er innan rekkevidde.

To italienarar
-Det har vore arbeidd nokså intenst for å finne nye lækjarar i ei lengre periode no. Mellom anna har kommunen vore i kontakt med arbeidsmarknadsetaten for å få tak i namn på aktuelle lækjarar som kan tenkjast å ta imot dei ledige stillingane. I tillegg har me via Lærdal kommune, som jo har hatt utsendingar i Frankrike med mål om å rekruttere lækjarar, fått kontakt med to italienske lækjarar. Desse kjem hit allereie i slutten av denne månaden for å sjå nærare på tilhøva, seier han, og legg til at han sjølvsagt vonar desse to kan få eit så bra inntrykk av staden og arbeidstilhøva at dei vel å ta imot stillingane.

Familiefolk
-Det er snakk om to mannlege lækjarar som båe har familie. Litt av vona vårt er då dermed at mellom anna gode oppvekstvilkår for borna vil vere med på å lokke dei hit. Det me sjølvsagt ynskjer oss, er lækjarar som vert verande i lengre tid, og dersom det er familie inne i biletet, er det jo oftast vanskelegare å bryte opp og reise avgarde att når ein fyrst er etablert, held han fram, og legg dessutan til at det i tillegg er oppretta kontakt med ein tysk lækjar som kan vere aktuell for stillinga til doktor Chopra, altså frå midten av januar.

Vert tøft
Det å vere helsesjef i ei slik stode kan umogleg vere ei enkel oppgåve, men Kopperud reknar seg for ganske så optimistisk med tanke på dem framtidige lækjarsituasjonen i bygda.
-Ja, eg trur nok me skal kunne ri dette her av óg, jamvel om eg er klar over at det kan høyrast ein smule prekært ut når tre av fem lækjarar med eitt sluttar.
Det vil nok verte ei nokså stor påkjenning for dei to lækjarane som er att, ettersom det i starten vil verte hektisk både for dei og dei som er nye. Det tek sjølvsagt litt tid for nye lækjarar å setje seg inn i og verte kjend med både arbeidstilhøva og pasientar, men me vil gjere vårt beste for å gjere denne overgangen så smertefri for alle partar som mogleg, seier han og legg til at om absolutt alt skulle skjere seg med dei tre aktuelle lækjarane han no har på handa, finst det alternative løysingar.

Vikarar til naud
-Som naudløysingar finst det sjølvsagt vikarlækjar ordningar, og me har for lengst vore i kontakt med eitt norsk og to svenske lækjarformidlingsfirma som er klar over at me kan komme til å få bruk for deira tenester i næraste framtid.
–Dette vil imidlertid berre vere ein siste utveg, ettersom vikarlækjarordning ikkje er heilt heldig med tanke på mellom anna økonomi. Det kostar nemleg alt for mykje til at me kan basere oss på det over ei lengre periode. I tillegg vil me då komme til å måtte byte lækjarar kanskje så ofte som kvar månad - og det er jo slett ikkje ideelt, forklarer helsesjefen, og siktar igjen til det at ein sjølvsagt helst ynskjer seg lækjarar på meir permanent basis.
Dette er ikkje minst fordi det naturleg nok gjev meir ordna tilhøve i forhold til pasientar, som helst skal sleppe å ha med ein ny lækjar å gjere kvar gong dei har trong for medisinsk hjelp. Dei siste åra har jo lækjarsituasjonen halde seg etter måten stabilt, ettersom dei fleste av lækjarane har vore i bygda i opptil fleire år.

Språkproblem?
–Det er vel ei kjensgjerning at ingen av lækjarane som har vore i bygda dei siste åra har norsk bakgrunn. Likevel har dette med til dømes språk og kommunikasjon fungert relativt greitt. Korleis vert det då no, dersom det kjem til dømes italienarar til bygda?
–Akkurat det er eg faktisk ikkje så særs uroa over. Alle dei tre lækjarane som no er aktuelle, har nemleg gjort seg ferdige med dei påkravde språkkursa, og ser ut til å takle det norske språket bra. Eg har hatt mykje kontakt med dei to italienarane, både over telefon og via epost, og mitt inntrykk er at dei forstår norsk veldig godt. For den tyske lækjaren vil eg seie det same. Tysktalande har dessutan ofte litt lettare for å lære norsk enn andre utlendingar, ettersom språket ligg nokså nært opptil deira eige, legg han til.


Les meir om: Nyhende