Moms eit massivt slag mot reiselivsnæringa

Momsreformen kan koma til å tyna reiselivet i Sogn og Fjordane. I Sogn har næringa ekstraordinære tyngsler frå før. No kjem sengemomsen på toppen av bompengar, ferjebillettar og rådyrt drivstoff. – Reiselivet har fått alle odds mot seg, seier Noralv Distad.

Publisert 04.10.2000 kl. 16.21. Oppdatert kl. 16.40.
Han ser regjeringa sitt framlegg som eit massivt slag mot reiselivsnæringa i distriktet. I framlegget til statsbudsjett neste år blir den nye momsen i reiselivet sett til 12 prosent.

– Dette framlegget er det første stortingsfleirtalet må ta tak i når statsbudsjettet skal på bordet, seier reiselivssjefen i Aurland/Lærdal.
Næringa reagerer kraftig på momsreformen. – Svært mykje vil no bli dyrare, det gjeld ikkje berre overnatting, men også transport og ulike aktivitetar. Landet vårt er dyrt alt no, dette medverkar til at færre utlendingar vil koma til Norge heretter, seier Noralv Distad.

Færre nordmenn hit
Han understrekar at verknaden også gar den andre vegen. Med eit dramatisk høgre kostnadsnivå innan landets reiseleiv, vil endå fleire nordmenn reisa til utlandet for å feriera.
Hermod Nitter Walaker i Solvorn er ein av dei som må ta høgde for momsreformen.
– Nokon må betala for dette, momsen må leggast på toppen av romprisen som er høg nok frå før, me kan ikkje anna enn vente trafikknedgang med dette, seier hotellverten.

Ørlite på kjøtet
Han trur ikkje den ørvesle momsreduksjonen på kjøt inneber noko. Heller ikkje den billegare bensinen. Han trur mange vil kjenna dette på kroppen.
– Dette gjev dystre utsikter om fleirtalet i Stortinget slepp det gjennom,. seier Hermod Nitter Walaker, som også registrerer at konjunkturavgifta, som er ein auke i arbeidsgjevaravgifta, vil koma i tillegg.
Det siste bidreg også til at kostnadsnivået veks dramatisk for reiselivsnæringa.
– Dette er ein arbeidsintensiv sektor, me treng såleis å ha mange i arbeid i reiselivet, me kan ikkje møta dei nye kostnadene med å rasjonalisera bort personleg service, seier Noralv Distad.

Verre for distrikta
Han peiker elles på at momslagde senger er ei større tyngsle for distrikta enn for byane.
– Me er prega av ein stor ferie- og fritidstrafikk, forretningstrafikken er liten, men det er sistnemnde som er momskompenserte, for dei fleste som kjem til vårt distrikt inneber momsen eit reint tillegg, seier Noralv Distad.


Les meir om: Nyhende