Første stikk til Veitastrond

I går gjorde drivkreftene bak Kaldakari-prosjektet opp status for prøveprosjektet med helikopterturar i fjellområda kring den etter kvart så vidgjetne fjelltoppen.

Publisert 03.10.2000 kl. 16.06. Oppdatert kl. 16.43.
Dei har lagt fram regularitetsrapportar som viser at det er alt anna
enn uråd å drive helikoptertrafikk i det området dei ynskjer å bruka.
Tvert imot har det denne sommaren vore råd å flyge mest kvar dag.

Med mindre sommaren 2000 har vore eksepsjonelt god, er det ikkje
noko som tyder på at skeptiske røyster får rett når dei har spådd at
prosjektet er daudfødd grunna vanskelege vertilhøve. Det er i alle
høve ein førebels siger for veitastrendingane, som har møtt mykje
motbør for prosjektet sitt.

Det er heller ikkje lett å spå prosjektet sin undergang på bakgrunn av
resultatet av prøveflyginga denne sommaren. Om lag 500
passasjerar er i følgje prosjektleiinga i overkant av kva dei hadde
forventa seg.

Endå meir oppløftande må det vera for prosjektleiinga at dei har fått
tilslag frå cruiseskipsoperatøren Bennet, som har lagt opp til at tre
cruiseskip med tilsaman 2.400 passasjerar skal gå til hamn i
Sogndal neste sommar. Dette er nyskapt trafikk som kjem som eit
direkte resultat av Kaldakari-prosjektet.

Korvidt Kaldakari-entusiastane får gjennomslag for det som er det
endelege målet, ein dispensasjon som skal gjera det mogleg å
landa på Kaldakari, og på sikt bygge ein restaurant der, står att å sjå.
Men det faktum at marknaden viser interesse for helikopterturar over
dei same fjellområda, og ikkje minst, at det dreg cruiseskip til
nordsida av fjorden, er i seg sjølv så interessant at det seier litt om eit
framtidig potensiale.

Veitastrendingane bur seg no på å bygge ut tilbod som kan gjera
opphaldet på Veitastrond meir interessant. Og dei inviterer
samstundes andre aktørar i reiselivsbransjen til å legge til rette
opplegg som kan medføre at turistane stoggar lenger.

Sogndal har berre sporadisk hatt turistskip på hamna. Tre turistskip
komande sommar er ein god start. Og maktar ein å leggja til rette
tilbod som kan gjera opphaldet i land interessant for turistane, skal
ingen avskrive sjansene for at dette kan utvikla seg.

Den utviklinga hadde dei færraste tenkt seg då folket på Veitastrond
lanserte prosjektet sitt.


Les meir om: Nyhende