Heider til gamle heltar

[] «All privat motorvognkjøring er forbudt fra klokken 12.00 i dag. Erhvervsmessig kjøring efter politiets bestemmelser. All rutekøring må innskrenkes så meget som overhode mulig».

Publisert 03.10.2000 kl. 16.09. Oppdatert kl. 16.43.
Dette har ingenting med korkje sentrumsplanane på Tangen eller framlegget til Sogn Billag sine nye rutetabellar å gjere, jamvel om det definitivt kan høyrast mistenkjeleg samantreffande kjend ut.

Smugleser dagbøker
Derimot er dette eit utdrag frå det sjuande i rekkja av skrifter frå Lærdal og Borgund, der gamlelensmann Lars A. Nesse fortel om dei dramatiske aprildagane i 1940 då Noreg vart invadert av tyskarar og det norske forsvaret fekk eit svare strev med å mobilisere.

Lærdølen Knut Nesse har nemleg både smuglest og skrive av dagbøkene til far sin og gjeve dei ut saman med dagbøkene åt administrasjonsoffiser Caspar Hundven og nokre av sine eigne erindringar frå dei dagar.
Tanken har heile tida vore at lærdølene så absolutt burde få innsyn i desse fyrstehandskjeldene til invasjonshistoria, og Nesse har dermed vald å skrive direkte av gamlelensmannen sine eigne ord for å få det mest mogleg nøyaktig. Dermed finn ein óg dei same språklege feil og manglar i utgjevnaden som i dei originale skriftene.

Ikkje noko slurv
Og noko slurv i rapportføringa har det heilt tydeleg ikkje vore tale om i lensmann Nesse sitt virke - her er nemleg alt som tenkjast kan pent og prydeleg journalført.
Frå 13.april vert det mellom anna meld om følgjande frå lensmannskontoret i Vang: «to mystiske herrer i bil A-6301 på Nystuen på reise vestover. Bilen stoppet, fører ingeniør Hagesette i firmaet Bjørnerud i Oslo oppgir at han skal til Sogndal til Nils Oldestad som er firmaets agent»
Etter nøye konferering med lensmannen i Sogndal og sistnemnde Oldstad, melder lensmann Nesse følgjande attende:
«Hagesetter er voldsomt tynn, litt gul i ansiktet på grunn av malaria. Full hårvekst, litt bølget blondt hår, lite arr over venstre øye, blunker løitt med øynene, alm. rett nese, gode tenner gar helst i mørke stripete kler eller gråe.»

Det høyrer med til historia at jau, det var faktisk ingeniør Hagesetter frå Oslo som var ute på tur den dagen, og at han slapp gjennom kontrollposten på Nystuen.

Drakk øl
Medan gamlelensmann Nesse har vore nokså kort og konsis i si uttrykksform, er administrasjonsoffiseren Caspar Hundven noko meir skildrande.
Frå 20.april erindrar han mellom anna at det var «pent frostvær. Bra forhold og bra mat. Alle tilfreds. Storvask i alle belegg laurdag. Gaver og tilbud på varer strømmer inn, og benyttes. melding om ytterligere forsterkning av naboforsvaret Valdres - infanteri og artilleri. Går til sengs avkledt kl. 20.00 eller 1 1/2 times hyggelig prat med vår kjære vertinde Thea. En halv bayer på meg!»

Heider for innsatsen
I det heile skulle skriftene desidert vere av interesse for fleire lærdøler, både dei som sjølve kan hugse hendingane og ikkje minst dei som ikkje gjer det av ymse årsaker. Mykje av Knut Nesse si meining har dessutan vore å heidre innsatsen til dei som i ettertid ikkje har fått den omtalen dei har fortent.


Les meir om: Nyhende Kultur