Tommy beste spelaren i 1. divisjon

Tommy Øren scora to mot Ham-Kam sundag. Måndag vart han kåra til beste spelar i årets 1. divisjon.

Publisert 03.10.2000 kl. 16.13. Oppdatert kl. 16.43.
Det skjedde under «Årets Spelar»-utdelinga i Fredrikstad. Spelarforeninga NISO stod for nomineringa av spelarane, medan spelarane i Tippeligaen, 1.divisjon og Toppserien stod for sjølve kåringa.

Styrke, fart og teknikk
I eit direktesendt TV-show frå kinosalen i plankebyen takka årdølen slik for prisen:
« Yes! Først av alt vil eg takka alle spelarane som har stemt på meg. Det var ein stor overrasking. Takk skal de ha.»
Han var nominert i lag med Jostein Flo og Espen Haug i klassen Årets spelar i 1. divisjon. Den yngste i trioen drog det lengste strået.
Slik grunngir spelarane kvifor Øren fortente prisen:
«Fotballspelaren som spelar for Sogndal, har fått utnemninga for fysisk styrke, god teknikk, dessutan er han hurtig».
Tommy Øren starta karriera i Årdalstangen/Lærdal, før han kom til Sogndal i 1997-sesongen. Debuten i Tippeligaen fekk han same året. Han har gått gradene i dei aldersfastlagde landslaga sidan U-15, og er i dag fast på U-21-landslaget.

– Kjekt å slå Jostein
– Det var litt overraskande, men det var utruleg kjekt å få denne prisen. Det set eg stor pris på, seier Tommy Øren til Sogn Avis. Han tykkte det smake ekstra godt å slå fyrtårnet frå Stryn.
– Det er ikkje tvil om at det er ekstra kjekt å slå Jostein i slike kåringar, eier Tommy på mobiltelefon frå Gardemoen.
– Du feira vel prisen skikkeleg?
– Nei, eg tok det roleg og var i seng klokka eitt, seier årdølen, som har eit stramt program framføre seg.
– Me skal ut i to U-21 kampar mot Wales og Ukraina. Det blir kjekt og spela mot eit engelsk lag. Men det blir tøft. Me fekk ein del forfall framfor kampen, seier Øren, som etter Englands-turen skal bu tre dagar i Drammen. Då er det Ukraina som er motstandar i EM-kvaliken. Også Rune Bolseth er med i troppen som skal spela for ein EM-billett

Bakke på «Tubalaget»
Eirik Bakke var nominert i den gjevaste klassen, Årets spelar. Men Leeds-spelaren nådde ikkje opp. Erik Mykland stakk av med den prisen. Men Bakke reiste ikkje tomhendt frå Fredrikstad. Han fekk som venta plass på årets lag, også kalla «Tuba-laget».

P.S.
TV 2 sendinga var ikkje det ein kallar godt handverk. Først bomma kameramannen på Tobias Linderoth, som var nominert i klassen Årets spelar i Tippeligaen. Stort betre gjekk det ikkje då Tommy Øren skulle fangast opp i kameralinsa blant publikum. Kameramannen trudde årets spelar i 1. divisjon såg ut som Thorstein Helstad. Skivebom med andre ord.


Les meir om: Nyhende Sport