Trudvang skule treng brakkene fram til år 2005/2006 – Ventilasjon påkrevd

– Rektor ved Trudvang har heilt rett: Romsituasjonen krev at ein må nytte brakkene som undervisningslokale, kan hende heilt fram til 2005/2006.

Publisert 03.10.2000 kl. 16.21. Oppdatert kl. 16.43.
Det seier leiaren for oppvekstsjef i Sogndal, Gunnar Stundal i ein kommentar til gårdagens opplag i Sogn Avis.

Der blei det påstått at investering i eit nytt ventilasjonsanlegg var bortkasta pengar fordi ein ikkje hadde utnytta romkapasiteten ved skulen godt nok.

Blant andre viste Edvin Holme fram eit fullt brukbart klasserom som blei nytta til lagerplass, i tillegg til at det nye personalrommet vis a vis ved eit par enkle grep kunne vore gjort om til eit klasserom.
Den siste løysinga føresette at personalet nytta andre lokale i mellomtida.

– Ikkje bortkasta
Men rektor ved skulen, Anne Marit Aasen, tilbakeviste forslaga som urealistiske, og utenlege.

No får ho støtte frå etatssjefen i Sogndal kommune, Gunnar Stundal:
– På bakgrunn av elevtalsutviklinga og den forseinka utbygginga på Kvåle, må vi innsjå at det vil vere eit reelt behov for å nytte både brakkene og den gamle paviljongen heilt fram til skuleåret 2005/2006, seier Stundal til Sogn Avis.

Dermed vil ein heller ikkje kunne hente ut nokon gevinst ved omrokkeringar som blei skissert i Sogn Avis i går, ifølgje oppvekstsjefen:

– Nei, i lys av at Trudvang vil få ei klasseauke frå 19 til 21 før vi kan ta i bruk Kvåle, er det påkrevd å utnytte alle eksisterande rom ved Trudvang, seier Stundal, som dermed avviser påstandane om at investering i ventilasjonsanlegg skulle vere bortkasta pengar.

– Arbeidet med dette ventileringsanlegget vil bli gjennomført i tråd med pålegget vi har fått frå Arbeidstilsynet seier Gunnar Stundal til Sogn Avis. Han lover at anlegget vil vere på plass før utgangen av desember i år.


Les meir om: Nyhende