Jerven har teke minst 30 lam

Jerven er i gang med herjingane sine i saueflokkane. Førebels er det konstatert at jerven har teke 30 lam. Tapstala vil venteleg stige utover hausten.

Publisert 03.10.2000 kl. 16.24. Oppdatert kl. 16.43.
Det seier fjelloppsynsmann Einar Fortun til Sogn Avis.

–Det er først når sanken er over at me får full oversikt over tapa. Men eg reknar det for sikkert at tapstala vil auke ein del utover hausten, seier Fortun.

Jerven har vore spesielt aktiv i området over Turtagrø. Det er og funne kadaver på Feigehalvøyna ved Krokavatn og i Offerdalen.

I haust har det vore lagt ned spesielt mykje arbeid i å dokumentera kor mange dyr som er tekne av jerven. Fortun ser ikkje vekk frå at dei relativt høge tapstala må sjåast i lys av det.

Jakta i gang
Lisensjakta på jerv i gang frå 1. oktober og skal pågå fram til 15. februar.
Førebels er det ikkje felt jerv i Luster kommune. Jerven er vanskeleg å få has på. Men det er sett spor i området der han har drepe mest. Spora gjer at ein med visse kan slå fast at i alle høve to dyr har vore i området. Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at det har vore fleire dyr. Jerven er og sett tidleg i september i Ringsdalsområdet av folk som var på jakt. Det er og sett dyr i Lom, seier Fortun.

Legg ut åte
Jegrane prøver nye metodar i år. Det er m.a. lagt ut åte ved ei sankebu i Ringsdalsområdet, der ein veit at jerven streifar forbi. Håpet er at åtet skal stogga dyret lenge nok til at det er råd å få felt det. Men då må jegrane vera på rett stad til rett tid. Jerven har så langt vist ei eineståande evne til å ta åtet når jegrane ikkje er der.


Les meir om: Nyhende