Tryggare for dei gåande

Oppbygde fotgjengarfelt skal gjera det tryggare å vera fotgjengar på Hermansverk.

Publisert 03.10.2000 kl. 16.26. Oppdatert kl. 16.43.
Leikanger kommune har fått grønt lys frå vegkontoret til å byggja fire opphøgde gangfelt i sentrum av Hermansverk.

Lettare
Dette er i tråd med arbeidet til tettstadgruppa på Hermansverk. Dei opphøgde gangfelta skal byggjast ved Kiwi, Prix, Fjordkroa og Esso-stasjonen. Kostnaden vert dekka med statlege trafikktryggingsmidlar.
Dei opphøgde gangfelta vil fungera som lange humpar. Det gjera det lettare for gåande å koma seg over vegen.

Får ned farten
Nokre av overgangane har ein høg fortauskant. Med opphøgde flate gangfelt vil ein få dette bort.

– Viktigast er det å få farten ned på bilar gjennom i sentrum, men fartsgrensa vil framleis vera 50 kn/t, seier plansjef Per Holen.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida