Ferja dundra i fjøresteinane

Kaklande japanarar og kinesarar virra rundt i påvente av smellet mot fjøresteinane. Sindige nordmenn måtte få dei til å setje seg ned, før Svanøy dundra på grunn. Berre sekundar frå å knuse både naustet og båten som hamna under ferja. – Utruleg spennande, vi var ikkje redde i det heile teke, svara Vivien Chu, etter at Lærdal hadde trekt dei av grunnen og buksert Svanøy til kai.

Publisert 03.10.2000 kl. 16.28. Oppdatert kl. 16.43.
Edin Vedvik held på å setje frukostkaffien i vrangstrupen, då han vart vitne til den noko spesielle manøveren til Svanøy klokka 09.30 i går.
– Dette kjem til å gale, var tanken, seier Vedvik. Han la først merke til ein brislingfiskar som låg ut på, og synst ferja vart litt uroa i manøvreringa av fiskebåten.

Dundra godt
Den teorien er ikkje tidlegare FSF-tilsett Norvald Ylvisaker samd i. Også han har bustad rett ovanfor naustet som ferja nesten rende ned. Han skvatt godt i godstolen, då det braka like utanfor stoveglaset.

– Dette er teknisk svikt, forklarer Ylvisaker, og er glad tidlegare kollegaer rakk å få ut ankeret, slik at farten vart redusert til det minimale før det small.

For Amlabukta rista godt då svære Svanøy gjorde den noko spesielle entreen.
– Eg stod i telefonen på kjøkenet då eg skjønte kva som skjedde. Herregud no kjem ferja, gaulte eg til, ler Nina Dalaker, også ein av dei som fekk «uventa besøk» denne tysdagsmorgonen.

Giret svikta
Om bord på ferja fekk to busslass med turistar ei heilt spesiell oppleving av ferjeturen dei nett hadde starta på. For Svanøy hadde nett kasta loss med avgang for Gudvangen, då det gjekk gale.

I følgje Arne Senneset som var passasjer om bord, hadde dei fått opplyst at det var giret til ferja som hadde svikta.

Også han var førebudd på at det kom til å smelle, men det var ikkje nemneverdig dramatikk om bord etter at dei hadde fått turistane til å setje seg ned.

– Ingen var redde og det var langt i frå kaos, seier Vivien Chy frå Hongkong. Ho var saman med sonen Leo Wong på den spesielle ferjeturen, og fekk unike bilete i minneboka.

Dei kjende at båten trefte grunn og at den rista litt, men opplevde det heile som spennande. Men med større fart ville nok utfallet av kollisjonen blitt langt meir dramatisk.

Plastbåt
Det samla seg fort skodelystne på land i Amla denne tysdag føremiddag, og alle måtte trekkje på smilebandet av den spesielle skuet. For det kunne sjå ut som Svanøy hadde prøvd å manøvrere seg inn til den vesle trekaien att med naustet. Rett nedanfor låg ein plastbåt med påhengsmotor, som berre med centimeters klaring unngjekk å bli knust under ferja.

To brislingbåtar var dei første som prøvde å trekkje Svanøy av grunnen, men dei vart for veike. Sidan sjøen fjøra, hasta det med å få sterkare krefter på plass. Ferja Lærdal kom raskt frå Mannheller, og med slepetau om bord trekte den raskt av den grunnstøytte ferja.

Mest truleg har både propell og ror fått skade i møtet med Amlasanden. Men det var for tidleg å seie noko om, då Svanøy med hjelp frå Lærdal kom seg inn att til ferjekaien i Kaupanger.

Forsinka
Noko forseinka var det Lærdal som måtte ta turen til Gudvangen med japanesiske og kinesiske turistane. Dei hadde ingen ting i mot å stige om bord att i ei ny ferje, for då Svanøy var buksert med Lærdal, applauderte turistane og klemde kvarandre då ferjelemmen gjekk ned.


Les meir om: Nyhende